Volda sentrum
Det som i dag blir kalla Volda sentrum, består av kjernen i dei gamle gardane (rekna frå søraust): Rotset, Øyra (Prestgarden) og Halkjelsvik nede ved fjorden, og så Heltnane, Bratteberget, Rotevatn, Engeset, Klepp ovafor. Også Norddalen og Strand på vegen utover mot Ekset har etter kvart vokse inn i sentrum. Frå gamalt omfatta sentrum gardane Øyra og Halkjelsvik og vart kalla Øyralandet eller berre Land.
Halkjelsvik var opphavleg ein stor gard - nærast eit herresete - mellom Vikeneset og Øyraelva. Garden er nemnt i kongesogene til Snorre Sturlasson; Håkon og Eirik Jarl skal ha lege her med heile hæren sin før slaget i Hjørungavåg ein gong sist på 900-talet.
Den eldste Voldskyrkja stod like ved tunet på Halkjelsvik, og det er sjølvsagt ein av grunnane til at det voks fram eit bygdesentrum her. Utanom dei reint kyrkjelege handlingane var kyrkjebakken ein viktig stad for informasjonsspreiing og kunngjeringar av verdsleg informasjon, m.a. lovar og forordningar.
Nabogarden Øyra var prestegard i katolsk tid, medan Halkjelsvik var erkebispegods og krongods (statseigedom) etter reformasjonen. I alle fall frå kring 1600 var Halkjelsvik så prestegard, men i 1662 selde kongen (staten) garden til rådmann i Bergen, Hermann Garmann. Dermed vart soknepresten i Volda leiglending under eit privatmann og måtte betale landskyld og bygselsavgifter. Dette likte ikkje soknepresten frå 1690, Otto Finde, så han kjøpte like godt Halkjelsvik sjølv og beheldt garden som privateigedom. Samstundes søkte han kongen om å få utlagt Øyra og Engeset, som begge var prestebordsgods, til prestegard. Dette vart innvilga, men Finde kjøpte altså Halkjelsvik sjølv og vart buande der medan Øyra vart nytta som kapellanbustad og jorda bortleigd.
Etterkomarar etter Finde eigde så Halkjelsvik til 1792 da garden vart seld og delt i tre bruk: Skjerva, Røysgarden og Moritsgarden. Det gamle gardstunet vart rive og tre nye tun bygde, men før midten av 1800-talet var det ikkje annan busetnad i området. Da begynte det å kome nye bustadar, først ut mot Skjåbergvika eller Vikeneset, seinare oppover mot Hauane og innover mot Øyraelva. Etter kvart kom det dampskipsstoppestad, telegraf- og rikstelefonsentral og fleire handelsmenn.
«Den verkelege vekstfaktoren låg i at Volda alt frå 1860-åra hadde utvikla seg til eit administrasjonssentrum for Søre Sunnmøre og til ein sentral skulestad i Noreg» skriv Jostein Nerbøvik (2001 s. 20). I 1897 vart Halkjelsvik bygningskommune ved kongeleg resolusjon, noko som la grunnen for planlagt utbygging m.a. av vassforsyning og kloakk. Dermed var grunnlaget for den tettstaden vi finn i dag lagt.
Gater på Halkjelsvik-sida
Dei viktigaste gatene på Halkjelsviksida er:
- Gatå, Halkjelsvikgata, frå Storgata til Industrigata
- Røysgata, frå Halkjelvikgata til Eikenkrysset
- Kyrkjegata, frå Storgata til Halkjelsvikgata
- Storgata, frå Halkjelsgata til Elvadalen (Kylneelva) ved Øyra skule
- Snippa, frå Halkjelsvikgata til Hamnegata
- Seljebakken, frå Storgata til Gamle Engesetveg (nedste delen, mot Storgata, var frå gamalt Lensmannsbakken, for tidlegare låg Lensmannsgarden der.
- Tausakjerringgata, Smiths gate frå Hamnegata til Seljebakken
- Hamnegata, frå Ørstavegen til Holmen
Bilde
Klikk på kategori: Volda sentrum i lina nedst i stykket og du finn mange fleire bilde frå sentrum.
Litteratur
- Busetnadssoga for Volda, oversyn over gardane som vedlegg til kvart band.
- Nerbøvik, Jostein 2001: Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1978 s. 18-28.
- Nerbøvik, Jostein 2004: Myndige møringar 1740-1870 s. 160.
- Årviknes, Per 1970: Volda-soga I. gardar og slekter s. 293-
- Årviknes, Per 1971: Volda-soga II. gardar og slekter s. 132-