Skulestaden Volda
«Skulestaden Volda» er ei nemning som blir brukt om tettstaden Volda som eit tyngdepunkt innan høgare utdanning utanom dei større byane i Noreg.
Ein trekkjer gjerne røtene attende til presten Hans Strøm, via Sivert Aarflot og Ivar Aasen fram til den første høgare skulen vart etablert i 1861.
Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelses-anstalt for Almueskolelærere
Alt frå 1840-åra vart det på Søre Sunnmøre arbeidd med å forbetre nivået til omgangsskulelærarane. I spissen stod prestane, og først var det forsøkt å få til ein slik skule i Herøy. Men frå midt i 1850-åra var det presten og kommunestyret her i Volda som arbeidde fram plan og søknad om å få etablere ein høgare allmueskule – nærast ein framhaldsskule – i kombinasjon med ein «Dannelsesanstalt» for omgangsskulelærarar.
Denne kom i drift frå 1861, og skulen dreiv i knapt 20 år til han vart avvikla av forskjellige grunnar. I denne perioden vart det utdanna om lag 250 omgangsskulelærarar her.
Aage Stabells private middelskule
vart oppretta i 1891 og var i drift til 1910. Den vart grunnlagt og driven av cand. mag. Aage Stabell. Han byrja med eitt- og toårige kurs. Alt i alt ca. 500 elevar tok middelskuleeksamen. I 1907 sette han i gang ei gymnasklasse, men det vart visst ikkje så vellykka. Tre år seinare vart skulebygningen seld, og Volda private millomskule og gymnas vart oppretta der.
Landsgymnaset
Utdypende artikler: Gamlegymnaset (Volda), Volda videregående skole og Landsgymnas
Volda private millomskule og gymnas vart starta av Olav Riste og Johan Fredrik Voss i 1910. Det vart det første treårige gymnaset på landsbygda i Noreg. Gymnaset fekk eksamensrett og statsstøtte frå 1914. Dei to fyrste åra var Voss rektor aleine, medan Riste gjorde seg ferdig med studiane. Dei delte leiaransvaret frå 1912 til 1917, da Voss vart lektor på landsgymnaset på Voss. Riste heldt fram som rektor til 1954. Da hadde gymnaset gått over til å bli fireårig offentleg landsgymnas, kalla Volda landsgymnas (frå 1947). Frå 1955 til 1965 var Ingvald Ryste rektor. Frå 1966 vart Volda gymnas fylkeskommunalt, og er i dag Volda vidaregåande skule.
Voldens Privatseminarium
vart grunnlagt i 1895. Det vart seinare til Volda lærarskule, Volda lærarhøgskule og i dag ein del av Høgskulen i Volda. Lærarskulen vart etablert av Aage Stabell og – først og fremst – Henrik Kaarstad. Den var altså privateigd, og gjekk inn i ein meir omfattande tradisjon av kristelege privatseminar, som frå kring 1890 vart oppretta som motvekt mot påverknad frå dei frilyndte, grundtvigianarane.
Frå 1908 vart Kaarstad eineeigar fram til staten tok over skulen i 1924. Kaarstad heldt fram som rektor til han døydde i 1927, og deretter tok Erling Kristvik over. Han sette djupe spor etter seg som reformpedagog, etter krigen som professor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim.
I 1923 var lærarskulen i Volda den største i Skandinavia med over 400 elevar.
Lærarskulane vart omgjort med ny lov om allmennlærarutdanning i 1973, og vart da «pedagogiske høgskular». Volda tok ikkje i bruk lærarhøgskulenamnet før i 1980, da Noregs lærarhøgskule gjekk inn i Universitetet i Trondheim.
DH-skulen i Volda
Da distriktshøgskulesystemet vart vedteke i 1969 og dei tre første DH-ane skulle lokaliserast, var det i utgangspunktet ingen som tenkte seg anna enn at desse institusjonane skulle plasserast i byar. Så Kristiansand og Stavanger var sjølvskrivne. Men særs aktivt lobbyarbeid førte òg ein DH-skule ut på landsbygda, hit til Volda. Og argumenta var språkleg-kulturelle. Ei lang rekkje universitetsfolk skreiv under på ein appell til dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik, der det m.a. heitte:
«Det må ikkje bli slik at alle universitet og dh-skular blir lagde i by- og bokmålsmiljø. Vi er alle tente med at det kulturelle mangfaldet i landet våre blir tatt vare på. Plasseringa av dh-skulane er derfor ei landssak, der alle kulturelle og sosiale grupper (m.a. nynorskgruppa) må bli tatt omsyn til på ein rettvis måte.»
Dermed havna den tredje dh-skulen til Volda.
Og i 1994 nådde ein det førebelse sluttpunktet med samanslåinga av lærarhøgskulen og DH-skulen til:
Høgskulen i Volda
Utdjupande artikkel: Høgskulen i Volda
Litteratur
- Bergem, Peder (red.) 1995: Forkynning. Fellesskap. Forsking. Volda lærarskule 1895-1995.
- Forr, Gudleiv og Vold, Helge (red.): Landsgymnaset. Det Norske Samlaget 2007.