Samtale:Skulestaden Volda
Takk for ypparleg artikkel! Eg undrast på om den ikkje også burde omfatte fleire skuleslag. I Norsk allkunnebok bd. 10 (1964) er det under Volda oppramsa ved sida av lærarskulen "gymnas, handelsgymnas, realskule, yrkesskule for handel og kontor, lærlingskule og hjelpepleiarskule". Det var vel konsentrasjonen av mange skular som særleg rettferdiggjer nemninga "skulestaden Volda". Høver det inn? Og finn du i tilfelle sjølv tid til å supplere, Arnfinn? Er det andre som føler seg kalla? Sjølv kunne eg tenkt meg å gjere eit forsøk, men får iallfall ikkje gjort det før på lenge. Far min gjekk på Lars Løvolds handelsgymnas (?) i 1930-åra, og eg veit at "skulestaden Volda" representerte noko av det lykkelegaste i hans ungdomstid. Men reint bortsett frå denne personlege sentimentaliteten er jo emnet uhyre viktig i lokalhistorisk, generelt kulturhistorisk og rikshistorisk samanheng. --Hans P. Hosar 4. jun 2009 kl. 08:47 (CEST)
- Joda, den bør absolutt utvidast. Eg skreiv høgare utdanning, men det var vel kanskje i trong moderne tyding (UH-nivået), etter at alle fekk rett til vidaregåande utdanning. Det er nok absolutt grunn til å inkludere i alle fall gymnasa og real-/framhaldsskulane, men der har ikkje eg spesielt gode kjelder lett tilgjengeleg, så du eller andre er velkomen til å utvide.--Arnfinn Kjelland 8. jun 2009 kl. 13:05 (CEST)
- Enig i at dette er en god artikkel, og at den trenger noen utvidelser. Jobber for tida med skolehistorie tidlig på 1900-tallet sjøl, og da er landsgymnasene sentrale. Det kjente Volda landsgymnas (Norges første?) burde vel ha en plass i denne artikkelen?--Trond Nygård (Kallrustad) 18. sep 2009 kl. 10:52 (CEST)
- Vær så god - skriv vidare! NB: du kjenner vel den boka som kom om landsgymnasa som kom i 2007: [1]. Der er det ein artikkel om gymnaset her.--Arnfinn Kjelland 18. sep 2009 kl. 11:11 (CEST)
- Enig i at dette er en god artikkel, og at den trenger noen utvidelser. Jobber for tida med skolehistorie tidlig på 1900-tallet sjøl, og da er landsgymnasene sentrale. Det kjente Volda landsgymnas (Norges første?) burde vel ha en plass i denne artikkelen?--Trond Nygård (Kallrustad) 18. sep 2009 kl. 10:52 (CEST)
Begynn en diskusjon om siden «Skulestaden Volda»
Diskusjonssider er der man diskuterer hvordan innholdet på lokalhistoriewiki.no kan bli så bra som mulig. Du kan bruke denne siden for å begynne en diskusjon med andre om hvordan Skulestaden Volda kan forbedres.