Gamlegymnaset (Volda)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gamlegymnaset i Volda vart bygd av Bergenhusiske regiment i 1851 til kapteinene sine. Difor vart bygget kalla «Kapteinsgarden». Huset hadde ei grunnflate på 150 m2 og vart bygd med èin etasje.
I 1891 kjøpte Aage Stabell huset for å begynne med «Millomskule». I 1910 kjøpte Johan Fredrik Voss og Olav Riste for å drive skule vidare, og det vart det første treårige gymnaset på landsbygda i Noreg. På den tida vart bygd på ein 2. etasje, og huset vart slik vi kjenner det i dag.
I 1966 vart det slutt, og bygninga vart ståande nesten tom i 50 år. Ein del musikkgrupper brukte huset til øvingslokale, men det vart lite vedlikehald på bygget.
Kjelder
Gamlegymnaset (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |