Langbakken (Sandnes gnr. 97/15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Langbakken
Alt. namn: Longebakkjen
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 97
Bnr: 15
Type: gardsbruk
Adresse: Bersagelveien 365

Langbakken (gnr. 97/15) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/15. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 51d. Utskilt fra gnr. 97/2 tinglest 25. april 1885.

Brukarar

40. Kristoffer Olsen,

f. 1842, d. 1874. Son til Ola Kristoffersen, husmann på Øygarden under Ims i Høle.

Kristoffer og kona budde dei fyrste par åra på Ådnøy i Høle. Dei var vel leigebuarar hos familien hennar. I 1864 delte svogeren Kjel Monsen parten sin i Lauvåsgarden med han, og dei bruk te etterpå kvar sin halvdel av den gamle parten. Kristoffer flytta ut av det gamle gardstunet og sette seg opp nye hus borte ved Longebakkjen. Fattigvesenet blei eigar av begge dei to gardsbruka i 1872, så Kristoffer var leiglending dei siste par åra. Han døydde av tæring bare 32 år gammal.

G.m. Marta Serina Håvardsdtr., f. 1836, d. 1878, dotter til Håvard Olsen, husmann under Husabø i Høle (ein gard på Ådnøynå). Marta Serina gif ta seg sidan med Annas Tormodsen og han dreiv denne garden ei stund (nr 41).

Barn:

  1. Karen Kristina, f. 1862, g.m. 1879 Andreas Paulsen, som hadde gardsbruket etterpå (nr 42)
  2. Ola, f. 1864, d. 1866
  3. Kristina, f. 1866, d. 1880
  4. Ola, f. 1868, d. 1886
  5. Hanna, f. 1871, ho var tjenestejente i 1891
  6. Karl Olai, f. 1873, dreng på Eltarvåg i 1891.

41. Annas Tormodsen,

f. 1815, d. 1877. Son til Tormod Torkellsen, husmann i Vorliå under Store Auglend i Høle.

Annas hadde i ein del år hatt det største stykket på Eikebergheiå (nr 53). Men etter at den tredje kona hans døydde i 1874 flytta han derifrå. I 1875 budde han som losjerande her hos enkja i Longebakkjen. Det heiter om Annas i folketellinga at han "arbeider paa Gaarden med Husmoderen". Dei to gifta seg i 1877, og då Annas døydde seinare same året blir han kalt "Gaardbruger". Dei tre fyrste ekteskapa og barna hans er omtalt på bruk 5. Her blir bare tatt med:

G.m. 4) 1877 enkja Marta Serina Håvardsdtr., f. 1836, d. 1878, dotter til Håvard Olsen, husmann under Husabø i Høle. Hennar fyrste mann var Kristoffer Olsen Lauvås (nr 40).

42. Andreas Paulsen Løvaas,

f. 1846, d. 1916.

Son til Paul Andersen, husmann i Slåttebakkjen (nr 29). Andreas var fyrst til sjøs, men i 1879 gifta han seg med den eldste dottera på dette gardsbruket. Han tok nok over gardsdrifta frå han gifta seg, i alle fall blir han kalt "Gaardbruger" i 1880. Som nemnt var fattigvesenet blitt eigar av dette gardsbruket, men i 1896 fekk Andreas skjøte på eigedommen. Han hadde garden til han døydde.

G.m. 1) 1879 Karen Kristoffersdtr., f. 1862, d. 1883, dotter til Kristoffer Olsen Lauvås (nr 40), 2) 1883 Helena Olsdtr., f. 1857, dotter til Ola Persen, husmann på Haugen under Tjøstheim i Strand. Etter at mannen var død, hadde ho gardsbruket til 1922. Då selde ho til ein nabo (bruk 3), som hadde dette som tilleggsjord. Han selde det igjen i 1930 til Jern- og metallarbeiderforeningen i Stavanger, som har brukt området til ferieplass.

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Marta Serina, f. 1880, d. 1883
  2. Paul Imanuel, f. 1882, d. 1918

Barn, i andre ekteskap:

  1. Marta Maria, f. 1884, d. 1885
  2. Ola Marselius, f. 1885, budde i USA
  3. Marta Maria, f. 1887, d. 1912
  4. Alfred Kornelius, f. 1 890, budde i Minneapolis i USA
  5. Anna Helena, f. 1894, d. 1894
  6. Ingvald Ansgar, f. 1895, d. 1896
  7. Hans Helin Ansgar, f. 1895 (tvilling), dreiv daglegvareforretning i Stavanger, g.m. Sigrid Aksdal
  8. Ingeborg Teoline, f. 1900, g.m. Arne Hundsnes, fiskar, budde på Hundvåg (sml Folk i bygda-9).

Litteratur og kjelder

Referansar