Lars Søreide

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Søreide (1874-1963) var fødd på Sandane i Gloppen, Nordfjord. Han tok eksamen på Stord Seminar i 1895 og var lærar i Randabygda (Rand skule) i Innvik kommune frå 1895 til han vart pensjonist i 1939.

Utanom Randabygda er Lars Søreide mest kjend som organisasjonsmann, folkeminnesamlar og som forfattar av boka om Nordfjord-målet (1930). I bygda er han kjend som ungdomsleiar og stiftar av Rand ungdomslag og Hardbagg idrettslag.

«Søreiden» som Lars vart kalla mellom bygdefolk, eksperimenterte med nye eplesortar. Sorten «Justeinar» finst framleis i somme frukthagar i bygda. Lars Søreide og kona Andrina, fødd Hopland, busette seg på plassen Djuvstein. Der dreiv dei fruktdyrking, og der heldt Andrina postkontor. Lars Søreide var kjend som ein særs dugande lærar.

Lars og Andrina fekk fire barn. Einar Elias, lege, omkom på Hustadvika 13. desember 1944 då DS Irma vart senka, Matias, tannlege i Ørsta, Else, lærar, Rakel, postopnar i Randabygda. Alle dei fire barna brukte etternamnet Djuvstein, medan Lars og Andrina alltid skreiv seg for Søreide.

Kilder og litteratur