Lauvås (Sandnes gnr. 97/12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvås
Alt. namn: Eikeli
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 97
Bnr: 12
Type: gardsbruk

Lauvås (gnr. 97/12) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/12. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 55b. Utskilt fra gnr. 97/11 tinglest 8. juli 1882 .

Brukarar

69. Johannes Persen,

født 1820, død 1906. Son til Per Mikalsen, husmann i Vågjen under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-21).

Ifylgje kyrkjeboka var Johannes "Gaardmand" på Lauvås i 1850 og då har han truleg komme inn på den eldre broren Ola sin part av garden. Ikkje lenge etter flytta Johannes vekk herifrå, og han budde nokre år utanfor bygda. Men i 1854 kjøpte han eit gardsbruk på Hetland og der budde han sidan (Hetland-49).

Gift med 1) 1850 Jorina Ådnesdtr., født 1818, død 1868, dotter til Ådne Persen Nedre Oltedal i Gjestal (sjå Gjestal g.o.æ. s 180, nr 34). Dei fekk det eldste barnet mens dei budde her på Lauvås:

  1. Serina Kristina, født 1850, død 1850.

70. Per Persen,

født 1827, død 1883. Son til Per Mikalsen, husmann i Vågjen under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-21).

Per var bonde på Lauvås frå 1853. Han og den eldre broren Ola delte den parten som Ola hadde i garden og etterpå brukte dei halvdelen kvar. Dei to brørne delte også det gamle gårdshuset og budde i kvar sin ende av det. Denne parten hadde Per til han døydde.

Gift i 1853 med Jorina Jonasdtr., født 1829, død 1901, dotter til Jonas Jonsen, husmann på Vardabergjet under Skadberg i Sola, sidan i Åsen under Sande i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 420, plass 5, huslyd 3, og s 389, plass 1, huslyd 1). Etter at mannen var død brukte ho garden fram til svigersonen over tok i 1889.

Barn:

  1. Severin Kristian, født 1853, død 1872
  2. Per Johannes, født 1857, død 1879
  3. Rakel Serina, født 1860, gift i 1880 med Olaus Olsen, småbrukar i Stølsvigjå (Eltarvåg-91)
  4. Maren Jørgine, født 1864, gift i 1887 med Knut Knutsen, som hadde dette gardsbruket etter svigermora (nr 71)
  5. Per Olai, født 1867, reiste til Amerika
  6. Ole Kornelius, født 1871, bonde på farsgarden ei stund (nr 72).

71. Knut Knutsen,

født 1864, død 1942. Son til Knut Sivertsen, husmann i Uskakalven (Uskjo-47).

Knut kjøpte gardsbruket av svigermora i 1889, men hadde det bare fram til 1892. Då overtok svogeren Kornelius og Knut flytta til Uskakalven (Folk i bygda-266). Knut var vel losjerande hos familien sin i Uskakalven. Ved ein barnedåp i 1892 kallest han for arbeidsmann. I 1893 over tok han eit gardsbruk nede i Lauvåsvågjen (nr 50).

Gift i 1887 med Maren Jørgine Persdtr., født 1864, død 1945, dotter til Per Persen Lauvås (nr 70).

Bare den eldste sonen er fødd her:

  1. Karl, født 1889

72. Kornelius Persen,

født 1871, død 1942. Son til Per Persen Lauvås (nr 70).

Kornelius kjøpte garden av svogeren Knut i 1893, men hadde han bare det året. Etterpå kjøpte han gardar i Høyland, mellom anna på Lura, og så på Gausel i Hetland. Omlag 1910 kjøpte han eit gardsbruk på Li og der budde han sidan (Li-61).

Gift i 1893 med Martha Ingebretsdtr., født 1866, død ca 1957, dotter til Ingebret Danielsen på Eikebergheiå (nr 55).

Dei hadde ikkje barn.

73. Peder Olsen Aske

Etter futen sine kassabøker hadde han dette gardsbruket frå 1894. Han budde her ennå i 1899 då det blei halde utskiftning på garden. Både Peder og naboen Enok på bruk 6 måtte då flytta ut or det gamle klyngetunet. Dei hadde budd i kvar sin halvdel av eitt hus, men det reiv dei ned nå og bygde seg kvart sitt hus på gardsbruka sine av materialane. Rett etter flytta Peder vekk frå Lauvås og ved folketellinga for 1900 heiter det om dette gardsbruket: "for tiden ubeboet". Gift med Anna Pedersdtr., født 1859, dotter til Per Kristensen, husmann under Frøyland (Frøyland -49).

74. Hartvig Johannesen,

født 1855.

Han hadde tidlegare budd i Skudenes. Så kom dei til Lauvås og kjøpte denne parten i 1900, men allerede i 1910 selde dei det meste av garden. Ved salget haldt dei igjen eit mindre stykke der dei budde etterpå (nr 77). Hartvig var malar.

Gift med Hanna Johansdtr.. Født 1868, død 1941, ho kom fra Brønnøysund.

Barn:

  1. Sigfred, født 1892
  2. Julie, født 1894
  3. Johan, født 1900
  4. Hilda Henriette, født 1908
  5. Klara Maria, født 1912

Enok Olsen Løvaas på naboparten (nr 67) eigde denne parten også ei kort stund, men overlot han til ein svigerson i 1910.

75. Karl T. Løvaas,

født 1878, død 1945. Son til Torger Kristiansen, bonde i Slåttebakkjen (Lauvås-99).

Etter dei gifta seg budde Karl og Rakel eit par år på Hommersåk. Han var matros ved "Riskafjord" då (Folk i bygda- 126). I 1910 fekk han kjøpa denne parten av svigerfaren og her budde dei sidan. Karl var tømmermann og han bygde både hus og etterkvart også ein del hytter her i den indre bygda. Ellers fiska han. Karl og dei to brørne i Slåttebakkjen hadde notbruk i lag, og om lørdagane brukte dei fiskebåten til rutebåt og frakta folk att og fram til Stavanger.

Gift i 1909 med Rakel Løvaas, født 1886, død 1971, dotter til Enok Olsen Løvaas (nr 67). Ho hadde garden fram til 1958.

Barn:

  1. Tor, født 1910, død 1910
  2. Torger, født 1911, overtok gardsbruket (nr 76)
  3. Enok, født 1913, treskjærar, budde på Lauvås (Folk i bygda-302), han var forlova med Mathilde Eltervåg (sml Eltarvåg-72.a), men døydde før bryllupet
  4. Alf, født 1914, død 1916
  5. Anna, født 1917, død 1985, budde på Lauvås
  6. Maren, født 1919, gift i 1957 med Laurits L. Thorsen, oljearbeidar, bur i Dusavigå
  7. Karl Rasin, født 1920, elektrikar, bur i Vennesla, gift med Karen Andersen
  8. Rakel Karline, født 1922, gift med Palmer Undheim, bonde på Undheim i Time (sjå Time g.o.æ. s 427, nr 8O.f)
  9. Alf Torleiv, født 1925, agronom, lærar ved jordbruksskule i Etiopia, ved Tveit jordsbruksskule i Nedstrand, og til slutt rektor ved Val landbruksskule i Nord-Trøndelag, gift med Karen Riska (sml Riska-75.b)
  10. Kirsten Maria, født 1927, gift med Alfred Myhre, banevoktar, bur på Gol i Hallingdalen
  11. Elisa Kristine, født 1929, sjukepleiar, misjonær i Kongo

76. Torger Lauvås,

født 1911, død 1992. Son til Karl T. Løvaas (nr 75).

Torger var fyrst treskjærar og arbeidde for Aase dreieri i Ganddalen. Sidan var han tømmermann og betongarbeidar. Torger bygde hus på Lauvås i 1937 (Folk i bygda-306). Han overtok småbruket i Slåttebakkjen etter onklane sine i 1956 og heimegarden i 1958.

Gift i 1937 med Anna Naustervik, født 1916, død 1987, dotter til Edvard Naustervik (Eltarvåg-102).

Barn:

  1. Ragnhild, født 1939
  2. Edvin, født 1942
  3. Kåre, født 1944, død 1945
  4. Alise, født 1947
  5. Karl, født 1949

Litteratur og kjelder


Referansar