Lauvåsen (Sandnes gnr. 97/18)
Lauvåsen er ein gard (gnr. 97/18) i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/18. Utskilt fra gnr. 97/12 tinglest 11. august 1910.
| Lauvåsen | |
|---|---|
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 97 |
| Bnr: | 18 |
| Type: | småbruk |
Brukarar
Hartvig Johannesen
f. 1855.
Han hadde fyrst ein part av Lauvåsgarden (se gnr. 97/12), men selde den i 1910. Etterpå sat han igjen med eit stykke som han tok av ved salget. Hartvig og kona blei skilde og han reiste etterpå til Amerika, mens ho blei igjen på Lauvås.
G.m. Hanna Johansdtr., f. 1868, d. 1941, ho var frå Brønnøysund. Hanna arbeidde som vaskekone. Ho budde på dette stykket så lenge ho levde, også etter at framande folk overtok eigedommen.
Barn:
- Sigfred, f. 1892, malar, Oslo
- Julie, f. 1894, g.m. Alf Aslaksen, maskinist, Stavanger
- Johan, f. 1900, overtok stykket etter mora (se nedanfor)
- Hilda Henriette, f. 1908, g.m. Ingolf Engelsvoll, Kvernaland
- Klara Maria, f. 1912, g.m. 1) Jan Rage, 2) Ingvar Torgersen, Stavanger.
Johan Løvaas,
f. 1900, d. 1922. Son til Hartvig Johannesen (se ovanfor).
Han eigde dette stykket 1920-1922. Johan var fabrikkarbeidar og gardbrukar.
Carl Cederstrøm,
f. 1890, d. 1963. Son til Peter Cederstrøm, Skåne i Sverige.
Cederstrøm var sjømann og arbeidde som båtførar ved Stavanger Støperi & Dokk. Han kjøpte dette stykket på Lauvås i 1922.
G.m. Retsine Risø, f. 1889, d. 1938, dotter til Elias Risø, Stavanger.
Barn:
- Jan Petter, f. 1915, d. 1935
- Gerda Elise, f. 1917, g.m. Karluf Huth, fabrikkarbeidar, budde på Lauvås (Folk i bygda -297)
- Anna, f. 1920,. g.m. Magnus Birkedal, møllearbeidar, budde på Lauvås (Folk i bygda-299)
- Edel, f. 1922, g.m. Otto Hogstad, sjømann, seinare fabrikkarbeidar, bur på Hetland (Folk i bygda-361)
- William, f. 1925, overtok stykket etter faren (se nedanfor)
- Henny Cecilie, f. 1928, d. 1928
- Jens Hilding, f. 1930, møbelsnekkar, bur på Algård, g.m. Gjertrud Mærland (sml Merland -15.d)
- Randi, g.m. Jon.
William Cederstrøm,
f. 1925. Son til Carl Cederstrøm (nr 79).
William overtok stykket. Han er murar og pelsdyroppdrettar.
G.m. Ellinor Gabrielsen, f. 1927, ho er frå Stavanger.
Barn:
- Svein Reidar, f. 1949
- Eldbjørg Alice
- Kari Irene, f. 1952
- Sissel Adele
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 850-851 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 63-64 i Digitalarkivet