Lauvkniv
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein lauvkniv (nynorsk/bokmål) eller løvkniv (bokmål), òg kalla snidel, er ein langblada kniv med lett konkav egg og innoverbøygd hake ved spissen som tradisjonelt har vorte bruka til lauving — det vil seie sanking av lauv til fôr for feet. Lauvknivar liknar noko på sigdar, men bladet er mesta på line med handtaket, i motsetnad til sigdane, der bladet står meir eller mindre vinkelrett på handtaket.
Kjelder og lenkjer
- «lauvkniv» i Norsk Ordbok.
- «snidel» i Norsk Ordbok.
- «lauvkniv/lauvsigd/snidel» på Digitalt Museum