Lauvås (Sandnes gnr. 97)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvås
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 97
Type: matrikkelgard

Lauvås er ein matrikkelgard (gnr. 97) i Sandnes kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, og var der gardsnummer 33. Det var i 1886 fjorten bruksnummer på garden.

GARDEN

Dei to gardane Lauvås og Eltarvåg ligg i den indre bygda og danner overgangen til Høle. I motsetning til den ytre bygda som er eit åpe dalføre, er naturen her inne meir småkupert og oppdelt. Her er det heller ikkje så store samanhengande område med dyrka jord, men meir småflekkar innimellom bergknausane.

Når ein reiser innover frå den sentrale delen av bygda, er Lauvås den fyrste garden ein kjem til her inne. Like under Husafjellet ligg det gamle gardstunet, 45 meter over havet. Innmarka ligg rundt, innimellom fjella, mens det bergfylte området ut mot sjøen i vest utgjer utmarka. Nede i Lauvåsvågjen er det også gammal busetting. Dei fyrste som budde der var husmenn. Lauvås skiftar mot nord og aust med Eltarvåg, i sør med Hommarsåk og Hetland.

GARDSNAMNET

av Inge Særheim

Dette namnet heiter i riskamålet Løuås /"løuå:s/. Dei eldste skriftformene er frå først på 1600-talet: Løffaas i 1602 og 1606, og Løffueraas i 1603.

Lauvås førekjem og som gardsnamn lenger sør i Rogaland, i Sokndal. Det er sett saman av ordet lauvn, som siktar til lauvskog, og terrengnemnet ås m. 'bergrygg'. Namnet har med andre ord bakgrunn i eldre bruk av lauvskogen i dette området. Her i indre delen av Riskakverva er det gammal bar- og lauvskog.

MATRIKKELGARDEN

Landskyld/Matrikkelskyld

I 1617 er skylda av Lauvås 1 vett korn, det er 6 spann. Dette blei ikkje endra sidan. Matrikkelen i 1838 fører Lauvås med 3 dalar, 3 ort, 8 skilling. I 1889 har alle gardsbruka og småbruka ei samla matrikkelskyld av 7 mark og 43 øre.

Skatteklasse

Lauvås var øydegard (det er kvart-gard) i gardsklassesystemet me finn i skattelistene på 1600-talet.

Nummer i eldre og nyare matriklar

  • 1668 No 58 i Gand skipreide
  • 1838 Matrikkel no 3 i Gands tinglag
  • 1851 Matrikkel no 13 i Hetlands tinglag
  • 1889 Gardsno 33 i Hetland herred
  • Nå Gardsnr 97 i Sandnes kommune.

DEN ELDSTE GARDSHISTORIA

Mellom Riska og Høle er det mykje fjell og skog. Det viser også igjen i stadnamna her: Hetland, Lauvås, Vier, Hammar, Eskjeland. I dette området slo folk seg ned mykje seinare enn ute i dei meir sentrale og åpne delane av bygda. Lauvås er eit naturnamn, og dei som sette namnet på plassen var vel folk som ferdast i området på jakt eller for å nytta skogen. Derfor kan namnet vera svært gammalt, for allerede dei fyrste som budde i bygda nytta nok dette skogsområdet.

Men det gjekk lenge før folk slo seg til for å bu her og driva jorda. Det kan me gå ut ifrå, fordi Lauvås ikkje bare ligg i utkanten av bygda, men ifylgje den gamle landskylda var dette den minste garden i Riska. Det var med andre ord lite jord her også. I mellomalderen blei det rydda gard her, og det namnet som folk var vande med å bruka om denne staden, gjekk nå over til å bli namn på den nye garden. Or tingbøkene på 1600-talet får me vita at Lauvås hadde lege øyde under Hommarsåk. Her må altså ha vore gardsdrift føre øydetida. Og i tillegg gjekk det leidang av Lauvås-garden, det peikar og tilbake til mellomalderen. Sein-mellomalderen var ei nedgangstid, og det var lite folk i bygda. Fordi det var mykje ledig jord då, flytta folk ifrå dei små gardane i utkantane. Lauvås blei nå liggande øyde til bortimot år 1600. Sidan det var lite jord her, skulle ein tru at garden blei fraflytta nokså snart etter Svartedauen i 1349. Altså kan han ha lege øyde i nesten 250 år. Seinare ser me at bonden på Hommarsåk eigde Lauvås-garden. Kan henda hadde stamfaren hans flytta frå Lauvås til Hommarsåk den gongen det minka på folk i bygda. Den tida det ikkje budde folk her, var det dei på Hommarsåk som brukte området. Det blir sagt i tingboka frå 1658. Dei hadde det vel som beite for husdyra, og i tillegg brukte dei skogen. I boka "Våre røtter" skriv Georg Vaagen på sidene 54 og 55 om korleis landskapet her inne har forandra seg frå hans guttedagar. Mange av småbrukarane på Lauvås har slutta med gardsdrift og skogen har vakse opp. Sånn må det ha vore i sein-mellomalderen òg.

På slutten av 1500-talet flytta det folk inn til Lauvås igjen, og garden blei rydda på nytt. Etter ei stund blei det sjau mellom dei på Hommarsåk og Lauvås-folka, og det var bruken av skogen i området det gjaldt. Det blei sett opp ein avtale mellom partane i 1650, men så døydde bonden på Lauvås ikkje lenge etterpå. Den nye mannen på garden gjekk hardt fram. Han jaga vekk drengene frå Hommarsåk mens dei henta "Riis" i utmarka. Dei kom i båt, så det må ha vore i utmarka ut mot sjøen. Tilslutt måtte likevel Lauvås-mannen gi seg. Frå "løffaas schouff" skulle han seinare levera "En god bod wed" kvart år til dei på Hommarsåk, "och baaden schal werre en sexeringh". Dei på Hommarsåk hadde brukt området her inne i to-tri hundre år, og dei ville ikkje gi slipp på det så lett. (Sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane, bind VI, s. 180 og 192-193).

GARDSDRIFT

Åkerbruket

Seint på 1500-talet slo det seg til ein bureisar på Lauvås. Han begynte å rydda den jorda dei hadde dyrka her i mellomalderen, men den fyrste tida gjekk gjenryddinga av gammal åker svært seint. Dei fyrste tretti åra på 1600-talet betalte ikkje Lauvås-mannen meir enn eitt spann i korn-tiende. Det var ikkje meir enn fjerdeparten av det andre bønder i bygda måtte ut med. Men midt på 1600-talet tok gjenryddinga av gammal åker seg opp.

I 1668 sådde dei så mykje som 4 tønner korn, og då var Lauvås-mannen kommen opp på linje med dei andre bøndene i bygda. Årsaka til denne forandringa må vera at den fyrste tida var det leiglendingar som budde her, men i 1633 flytta sonen til gardeigaren inn og tok over drifta av garden. Han har tydeleg vore meir interessert i å arbeida fram den tidlegare øydegarden, og han overtok også som eigar då faren døydde.

I eldre tid blei åkerjorda på Lauvås rekna for god. "en Ret god Koren Jord" heiter det i matrikkelen frå 1668, og så god karakter var det bare tre andre gardar i bygda som fekk. Den neste matrikkelen, den frå 1723, kaller garden for "Letvunden". Ingen andre gardar i bygda blei vurdert så bra då. Det året kunne dei hausta 6.7 kilo for kvart kilo korn dei sådde. På landsbasis er det eit svært godt resultat, men det er likevel litt under gjennomsnittet for Riskakvervå.

På 1700-talet blei det satsa mindre på korndyrking. I 1723 sådde dei ikkje meir enn 3 tønner korn som gav ei avling på 20 tønner. Lauvås-bonden hadde ikkje større åker i 1775 heller, likevel hausta Mons Kjelsen i 1782 tre tønner korn meir enn han hadde bruk for sjølv. Han blei då pålagd å selja ei tønne til dei trengande.

I tillegg til bonden oppe på Lauvås, var det ein husmann nede i Lauvås- vågjen. Han hadde i 1775 ein åker der han sådde 1 tønne havre og avla 4 tønner.

Etter ein rolegare periode på 1700-talet har dei igjen tatt til å rydda meir jord, og i 1802 var korn avlinga heile 36 tønner, nesten dobbelt så mykje som i 1775. Og fortsatt var her bare ein bonde og ein husmann. Så mykje jord kunne gi plass til fleire familiar, og utover på 1800-talet blei garden stykka sterkt opp. På same tid blei det fortsatt dyrka meir, og i 1865 og 1875 låg den samla utsæden på 15-16 tønner. Altså ein svært sterk auke, men oppstykkinga av garden hadde likevel vore endå sterkare. I 1865 og 1875 budde det til saman ti gardbrukarar og husmenn her. Frå ein bonde som sat forholdsvis romsleg i det på 1700-talet, fekk ein på 1800-talet ei heil rekke med småbrukarar i tronge kår. Men alle hadde det nå like smått, enten dei var bønder eller husmenn. I 1835 var det ingen i bygda som sette så lite poteter som dei på Lauvås. Men utover 1800-talet aukte potetåkrane, og i 1875 var det arealet kvar mann brukte til potetdyrking blitt dobla. Dei små jordlappane her egna seg då også bedre til dyrking av poteter enn korn.

Husdyrhaldet

Før 1827 var heile Lauvås eitt gardsbruk, og sidan ein mann dreiv heile garden åleme hadde han mange husdyr dg. I skildringane av garden kan me lesa at her var "God Smallegang" (i 1668) og "Udmark til Fornødenhed" (i 1802). Bonden på garden hadde til vanleg ein besetning på 2 hestar, 10 kyr, 20 sauer og 10 geiter. Han var då blant dei bøndene i bygda som hadde mest husdyr. I tillegg var det ein husmann nede i Lauvåsvågjen. Ved eit arveskifte i 1743 får me vita at dei på plassen då haldt 3 kyr, 6 sauer og eit par geiter. Det var husdyrhaldet som dominerte i gardsdrifta.

I løpet av 1800-talet blei det store forandringar på Lauvås. Garden blei stykka sterkt opp, og i andre delen av 1800-talet var her 8-10 småbrukarar og husmenn. Talet på husdyr aukte også sterkt i denne tida. I andre halvpart av hundreåret var det tre gonger så mykje husdyr i alt på garden, men sidan det nå var så mange å dela på blei det små besetningar på kvar. Bare to-tre av dei hadde hest, og dei fleste hadde ikkje meir enn 2 -3 kyr. Sauetalet blei seksdobla frå 1808 til 1875 så fleire av småbrukarane kunne ha flokkar på 20 sauer.

ATTÅTNÆRINGAR

Lauvås er ein av dei minste gardane i bygda, og folka her har frå gammalt måtte ty til fleire attåtnæringar. Sidan garden ligg til sjøen, har fisket alltid vore viktig. I tingboka frå 1658 kan me lesa at bonden på Lauvås hadde seksæring. Ellers i bygda var det færing som var mest brukt.

I folketellingane frå slutten av 1800-talet blir fleire av oppsittarane på Lauvås kalt for bonde og fiskar. G. Vaagen hermer etter mora si: "..små- bruket vårt var lite til å leve av. Det var sjøen vi måtte lite på. Far var stadig på sjøen, så sant han hadde helse til det. Han fisket med mortanot, garn, liner og teiner. Det var det fisket vi kalte for småfiske den gang". ("Våre røtter", s. 212 f). Og Torger Lauvås fortel at pengane kom av fisket, det blei ikkje pengar av garden.

Den store Lauvåsvågjen var både hamn og fiskeplass. G. Vaagen skriv: "Lauvåsvågen var i årtier en av de beste kastevågene i Ryfylke". ("Våre røtter", s. 246). Østen i Lauvåsvågjen hadde not, står det i folketellinga frå 1875 (noteigar og -brukar). Og G. Vaagen skriv om ein annan småbrukar der nede: "Tosten Lauvåsvåg var en dyktig og drivende fisker. Han fikk etterhvert sitt eget notbruk med makrellnot, brislingnot og øvrige nøter og garn. Han hadde et notlag på 5-6 mann som han sjøl var bas for." (Frå "Våre røtter", s. 243). Og om dei tri Slåttebakk-brørne kan me lesa: "I sommerhalvåret var de ofte ute med makrell- og brislingnøtene, på Lauvåsvågen og i de nærmeste fjordene". ("Våre røtter", s. 270). Torger Lauvås, son til den eine frå Slåttebakkjen, fortel: "Me hadde brisling- og makrellandnøter". Dei stod på berget og akta på fisken, når stimen var der, rodde dei ut nota og stengde av vika eller vågen".

Ellers var folka herfrå på vintersildfiske ute ved Kvitsøy og Karmøy og nordover til Haugesund og Espevær. Torger Lauvås skriv: "Eg var med på sildefiske i 1927 og -28. Før eg var på sildefiske brukte dei alltid ein båt til å fiska på og skøyte til losiment, som dei sa. Den brukte dei til å ligga i, koka og eta i. Den andre båten bruktest til å fiska på. Før 1910 var det helst ro- og seglbåtar til å fiska på og seglskøyter til losiment". Fleire frå Lauvås var til sjøs i unge år. Men også ein del av dei som sat med småbruk var sjømenn. Ola Jakobsen på Holland var sjøfarande i 1875, og Knut Knutsen i Lauvåsvågjen var i utanriksfart i 1891. Sjømannen Carl Cederstrømkjøpte eit lite stykke på Lauvås i 1922. Han arbeidde som båtførar ved Stavanger Støperi og Dokk. Karl Løvaas hadde eit småbruk her frå 1910. Han kombinerte fleire yrke. Utanom småbruket sitt, dreiv han notbruk i lag med dei to brørne. Og så var han tømmermann. Han bygde ikkje så mange hus, det blei mest hytter. Utover i 1930-åra sette han opp mange hytter for jern- og metallforeningen på Lauvås, og ein heil del på Sletta.

Karl sin svigerfar, Enok Olsen Løvaas, dreiv i ein heller uvanleg bransje. Han var handelsreisande og selde tøy. Vareutvalget var ikkje så stort, han førte bare vadmål, bomullsflanell og ullflanell. Stoffene kjøpte han av ein manufakturhandlar på Sandnes. Så tok han ut om haustane og reistemykje på Karmøy, men også like opp til Trondheim. Han reiste som kramkar og selde tøy i alen. (Opplyst av barnebarnet Torger Lauvås). Då var det meir vanleg at Lauvås-folk selde ting dei lagde eller hausta på garden. Østen i Hammaren hadde eit særleg godt lag med å arbeida tresko. Ifylgje Gunnar Hogstad presterte han dagleg mellom 12 og 15 par. Han lagde veldig mykje små størrelser til barn, og folk kom frå heile bygda og kjøpte hos han.

Ein Riska-spesialitet var å laga sopelimar av bjørkeris. Dette arbeidde dei om hausten, etter at lauvet var av trea. Fyrst samla dei høveleg ris, så sette dei seg til om kveldane og lagde limar. Ein mann kunne klara 20 stk til kvelden. Om lørdagane reiste dei til Byen og selde limane til kolonial- handlarane.

I utskiftinga på garden i 1899 blir det nemt frukttre og bærbuskar. Det var særleg Knut i Vågjen og Enok Lauvås som hadde store hagar der dei dyrka frukt og bær for salg. Knut podte trea sjølv, og "var en dyktig og interessert fruktdyrker. Han var en pioner på dette området i bygda". (G. Vaagen, "Våre røtter", s. 203). Det var epler og pærer dei dreiv med, og så solbær og rips. Dette stod dei med på Torgjå i Byen og selde sjølv, bær om somrane og frukt om haustane.

Oppunder jul, når frosta kom, gjekk Lauvås-folka rundt i bygatene og selde ved. Det var ikkje så mykje skog på Lauvås-garden, for i utmarka haldt sauene trea vekke. Men heime, rundt dørene, var det alltid noko som kunne hoggast. Den kløyvde veden bunta dei saman, så låg dei med båten ved kaien i Byen og folka gjekk rundt og selde vedaknippe. Sjølv brann dei torv og røter som dei fann i myrane.

I Bjøraliå på Eltarvåg fekk dei på Lauvås skjera einer. Denne bunta dei saman og leverte til kolonialhandlarane i Byen. Det blei kalt for grav-einer, og det gjekk mykje av det. Ein brukte det til å dekka beda med om vintrane, både på kyrkjegardane og i hagane. Etter kvart som Christian Bjelland fekk bygt opp eksportnæringa si, var det mange av slektningane hans i Riska som fekk seg arbeid der. Dei på Lauvås skar lyng om haustane og leverte sekkevis til Christian Bjelland. Der blei det brukt til å ha oppi kassane når dei skulle senda hummar. Dette var noko av det dei sette mest pris på av attåtarbeid her. Det var bra betalt, og så var det eit fint og reint arbeid.

Dei tri brørne, Kristian og Erik Slaattebakk og Karl Løvaas, dreiv notbruk i lag. Om lørdagane brukte dei fiskebåten til rutebåt, og i mange år i mellomkrigstida frakta dei folk og varer att og fram til Stavanger. (Sml. G. Vaagen, s. 258 f. og 287-292). Det fortellest at Slåttebakk-båten var ganske nedlesst med varer når dei drog til byen om morgenen. Det var allslags som skulle seljast, og særleg veden og einerbuntane gjorde mykje av seg. Han som styrde båten kunne mest ikkje sjå over haugane. Det som bøndene her sjølv kjøpte i byen og drog med seg heim igjen, var mest ingen ting i samanlikning.

EIGARANE I LEIGLENDINGSTIDA

I 1617 er det Torkell Hommarsåk som eig garden. Han er eigar også i 1624 og 1639. Frå tingbøkene kjenner me til at Lauvås hadde lege folketom i sein-mellomalderen, og at dei på Hommarsåk hadde nytta jorda her. Etter at garden på Lauvås hadde fått fast busetting igjen omlag 1600, har då jordeigaren valt å bli buande som leiglending på den større garden på Hommarsåk. Den litle Lauvås-garden har han då leigd vekk til andre. To av sønene til Torkell Hommarsåk kom til å bu her på Lauvås etter einannan. Den yngre, Rasmus, blei eigar av garden etter at faren døydde ca 1645. Rasmus Lauvås døydde sjølv tidleg i 1650-åra, og enkja hans gifta seg andre gongen med Mikal Torsteinsen som tok over gardsdrifta. Mikal er også ført som eigar av garden så lenge Rasmus sine barn var små.

Mikal sin svigerson, Knut Håvardsen, tok sidan over som brukar på Lauvås. Han kjøpte også garden av Rasmus Lauvås sine barn. I 1690 kjøpte han 2 1/2 spann og 18 bismarmerker korn i Lauvås av Torkell Rasmusen Frøyland, Ådne Skjørestad (gift med Dorte Rasmusdotter) og Elias Jødestad (gift med Anna Rasmusdotter). Knut eigde sjølv eit halvt spann frå før. Og i 1701 fekk han kjøpa dei siste 2 1/2 spann i garden av Lars Frøyland (gift med Karen Rasmusdotter), Johannes Frøyland (gift med Herborg Rasmusdotter) og Ola Uskjo (gift med Berit Rasmusdotter). Seinare har brukarane på Lauvås sjølv eigd garden sin.

Bilde side 49

Lauvåsvågjen omkrins 1935. Me ser naust på rekke og rad, tørkestativ for nøter, brygger og båtar.

Dessutan oppdressa folk som skal på bytur - frå venstre Torstein Lauvås, Thomas Grimsli,

Torger Lauvås og Øistein Grimsli.

Dette var den viktigaste hamna for alle i den indre bygda, både dei på Lauvås og dei på Eltarvåg

'Ei stund var her handelsmann og lenge gjekk det rutebåt herfrå til Stavanger.

OPPSTYKKING AV GARDEN

Gjennom heile 1600- og 1700-talet var Lauvås einbølt. Det var fyrst i 1827 at garden vart delt, men sidan har det vore sterk oppstykking i mange større og mindre bruk. Ved den fyrste delinga i 1827 mellom brørne Mons og Erik, fekk dei kvar sin halvpart av garden, det vil seia 3 spann korn på kvar. Mons fekk Den søre parten og Erik Den nordre parten.

Det var to husmannsplasser under Lauvås ved dei tider, og dei to plassene skulle etter 1827 ligga halvt under Den søre parten og halvt under Den nordre. Det vil seia at dei to husmennene delte den årlege pengeavgifta si og arbeidsdagane sine på dei to gardbrukarane.

På Den søre parten fekk ein yngre bror i 1838 eit lite rydningsbruk i utmarka - i Eikebergheiå. Då bureisaren blei gammal, selde han rydningsbruket sitt, men tok av eit lite stykke til seg. Ei stund var det dermed to småbruk her, bruksnr 5 og bruksnr 6. Men etter at den gamle bureisaren døydde, er dei to bruka samla igjen. Den gamle husmannsplassen i Lauvåsvågjen hadde lege halvt under Den søre og halvt under Den nordre parten. I 1851 og 1852 kjøpte to av sønene til husmannen kvar sin halvdel av plassen. Ola fekk då sitt nye bruk i Lauvås- vågjen skilt ut frå Den søre parten, mens Ådne fekk sitt skilt frå Den nordre parten (sjå meir om hans bruk etterpå). Under Den søre parten hadde ein svoger fått rydda seg ein husmannsplass i Hammaren i 1840-åra. Den blei skilt frå som eige småbruk i 1880. Den andre gamle husmannsplassen, Slåttebakkjen, låg som nemnt under begge partane i garden. Sonen til husmannen der hadde i 1874 fått kjøpa den halvparten av plassen som Den nordre parten eigde. I 1886 fekk dei også kjøpa den halv- parten som låg under Den søre parten. (Sjå meir om Slåttebakkjen seinare).

Det eigentlege gardsbruket på Den søre parten delte to svograr likt mellom seg i 1864. Den eine flytte bort i Longebakkjen, mens den andre, Kjel Monsen, sonen på garden, blei buande i det gamle gårdshuset. Hans bruk har fått namnet Kjelaparten. Skylddeling for denne bruksdelinga blei fyrst halden og tinglyst i 1885. Frå Kjelaparten blei det i 1917 skilt frå eit lite stykke der det ei kort stund blei drive gardsbruk, bruksnr 21 . Etter nokre få år gjekk dette bruket inn i opphavsgarden igjen.

Den andre halvdelen av den gamle Lauvås-garden, Den nordreparten, som Erik Kjelsen fekk i 1827, var også på 3 spann korn. Erik Kjelsen fekk seg gard ein annan stad og flytta vekk. Han døydde snart etter, og den mindreårige sonen hans, Erik Eriksen, blei eigar av desse 3 spanna i Lauvås. Det var fyrst farmora hans, sidan ein farbror som brukte denne gardparten. Farbroren døydde tidleg, og då den gamle farmora også døydde i 1849, selde Erik Eriksen eigedomen sin. Utanom det eine gardsbruket på Lauvås, høyrde også halvdelen av husmannsplassene i Lauvåsvågjen og i Slåttebakkjen til eigedomen hans. Nå delte Erik eigedomen sin i to. Ola Persen, ein slektning som hadde drive gardsbruket sidan 1846, fekk kjøpa gardsbruket på Den nordre parten i 1850. Husmannsplassen i Lauvåsvågjen låg som nemnt halvt under Den søre parten og halvt under Den nordre. To av sønene til husmannen kjøpte nå denne plassen. Ola Olsen fekk i 1851 kjøpa den eine halvdelen, og hans bruk blei skylddelt frå Den søre parten (sjå framføre). Broren, Ådne Olsen, fekk så kjøpa den andre halvdelen av Lauvåsvågjen i 1852. Ådne sitt bruk blei skylddelt frå Erik Eriksen sin del av Lauvås-garden. I tillegg til halvdelen av Lauvåsvågjen, fekk Ådne også kjøpa noko oppe på Holland. Han som budde i Slåttebakkjen var fortsatt husmann. Plassen hans låg halvt under Den søre og halvt under Den nordre parten. Nå når Erik Eriksen delte Den nordre parten mellom Ola Persen og Ådne Olsen, så kom denne halvdelen av Slåttebakkjen under Ådne sitt bruk. Av dei 3 spann korn som Erik Eriksen hadde eigd, sat Ola Persen med 1 2/3 spann. Og Ådne hadde mest like mykje, nemlig 1 1/3 spann. Sjå meir om Ådne sitt bruk nedføre. Ola Persen delte alt i 1853 sitt bruk med ein yngre bror, Per. Dei hadde etterpå 5/6 spann korn kvar. Og deira bruk blir kalt Olaparten og Peraparten. Dei budde i kvar sin halvdel av det gamle gårdshuset. Også til denne delen av den tidlegare Nordre parten høyrde det eit stykke oppe på Holland. Det var nå delt mellom Ola og Per. I 1871 fekk ein rydningsmann kjøpa dette, og småbruket hans blei då skylddelt frå både Olaparten og Peraparten. Det har fått namnet Øvre Holland. Frå Peraparten blei i 1910 eit småbruk skilt ifrå. Det er bruksnr 18, og det utgjer 1/3 av den gamle Peraparten.

Ådne Olsen i Lauvåsvågjen sitt bruk frå 1852, var opphavleg på 1 1/3 spann korn. Det blei delt i 1872 då Ådne selde den største delen, det nede i Lauvåsvågjen. Dette nye bruket i Lauvåsvågjen var nå like stort som nabo bruket i Lauvåsvågjen - det som hadde blitt skilt ut frå Den søre parten. Men den nye eigaren av Ådne sitt bruk i Lauvåsvågjen, selde i 1872 eit stykke kalt Stakkamyrå til naboen. Etter det har det eine bruket i Vågjen vore større enn det andre. I 1903 blei også eit lite småbruk skilt ifrå - bruksnr 17. Etter at Ådne hadde seld det i Lauvåsvågjen i 1872, sat han igjen med eit stykke på Holland. Dessutan eigde han fortsatt halvdelen av husmannsplassen i Slåttebakkjen. Sonen til husmannen i Slåttebakkjen kjøpte i 1874 den halvdelen av plassen som Ådne eigde. Og i 1886 fekk brukaren i Slåttebakkjen også kjøpa den halvdelen av plassen som låg under Den søre parten (samanlikn framføre).

HUSMANNSPLASSER

Husmannsplassen i Lauvåsvågjen høyrer me om fyrste gong i året 1700. Det er altså ein av dei eldste husmannsplassene i bygda. Garden på Lauvås var einbølt, og bonden har truleg hatt bruk for ein vaksen arbeidskar til å hjelpa seg med fisket. Plassen i Lauvåsvågjen låg i innmarka. Då to brør delte garden på Lauvås i 1827, kom husmannsplassen i Lauvåsvågjen etter det til å ligga under begge dei to nye bruka. Dei to eigarane av Lauvås-garden selde i 1851 og 1852 kvar sin halvdel av husmannsplassen i Lauvåsvågjen til to av sønene av den siste husmannen. Dermed blei det to nye gardsbruk av den gamle husmannsplassen.

Ein gong tidleg på 1800-talet blei det ein husmannsplass til under Lauvås- garden. Det var Slåttebakkjen, der me høyrer om husmannsfolk i 1825. Også denne plassen låg i innmarka. Då Lauvås-garden blei delt i to bruk i 1827, skulle husmannsplassen i Slåttebakkjen høyra til begge bruka. Sonen til husmannen fekk i 1874 skjøte frå den eine gardbrukaren på halvdelen av Slåttebakkjen. Fyrst i 1886 fekk brukaren i Slåttebakkjen skjøte på den andre halvdelen og.

Ca 1844 vart det ein tredje husmannsplass under Lauvås. Denne plassen, Hammaren, låg bare under det eine bruket av Lauvås, Den søre parten. I festeseddelen frå 1852 har bonden uttrykt seg sånn: "et..Huusmandsplads indengjærds paa min Bø kaldet Hammeren". Både husmannen og kona hans døydde i 1875. Etter at stykket hadde lege folketomt nokre år, flytta ein gardbrukar inn i 1878. Han fekk skjøte på stykket i 1880.

HUSBYGGING

I åra rett etter fyrste verdenskrig kom det opp to hus nede i Lauvåsvågjen, med sjøen seier dei på Lauvås. Også oppe på Eikebergheiå blei det denne tida bygt to hus i tillegg til det eldre gårdshuset der. Det nye båtsambandet med Byen gjorde at dei fastbuande her inne kunne pendla att og fram. Utover i tjue- og trettiåra kom det seks nye hus på Lauvås innimellom gardsbruka der. Det var folk frå plassen som fekk bygt desse på tomter fraskilt farsgardane sine. Etter siste krig er det og bygt nye hus på Lauvås. Men i tillegg er her ganske mange som har slege seg til som fastbuande i tidlegare hytter.

FOLKET

DEN GAMLE TIDA DÅ EIN MANN HADDE HEILE GARDEN ÅLEINE

1. Johannes

Han hadde garden i 1603, men allerede året etter hadde han reist herifrå. Skattelistene går ikkje lenger bakover, derfor veit me ikkje kor lenge Johannes hadde budd her før 1603. Men Lauvås er med i ei leidangsliste frå 1602, så garden var i drift då òg.

2. Anders

Anders tok over garden i 1604. Han er nemnt siste gong i 1611 og var her ikkje lenger då garden blei nemnt neste gong i 1619.

3. Asser

Han budde på Lauvås i 1619 og hadde garden til 1622. Sidan var han ei kort stund på Skjørestad (sjå Skjørestad- 18).

4. Ola Torkellsen,

død 1628. Son til Torkell Larsen Hommarsåk (Garden Hommarsåk-3). Ola hadde fyrst eit lite bruk på Dale der kona hans var frå (sml Dale-4). Faren hans eigde Lauvåsgarden og i 1622 flytta Ola inn her og tok over gardsdrifta. Han brukte garden til 1628 og året etter hadde enkja garden. Ola var altså død, og i lensrekneskapen for 1629/30 står det: "Løffaas er opbrennt". Kan henda omkom han i brannen.

Enkja hadde garden i 1628 og 1628/29.

Barn:

  1. Johannes, født ca 1615, han voks opp på Dale hos sjektningane der. Frå 1654 var han bonde på Åsland i Time der farmora kom frå (sjå Time g.o.æ. s 246, nr 35), gift med Kari Torsdtr. Dale (sml Dale-7)
  2. Helge, nemnt 1654
  3. Guri, nemnt 1654.

5. Orm

Han budde på Lauvås i 1632 og 1633. Orm blir ført blant "Forarmede Øddegaardzmend" så han sleit vel med skadene etter brannen.

6. Rasmus Torkellsen,

død mellom 1652 og 1654. Son til Torkell Larsen Hommarsåk (Garden Hommarsåk-3).

Rasmus var bonde på Lauvås frå 1634 til eit styk ke ut i 1650-åra. Han hadde ennå garden i 1652, men i 1654 blir enkja hans nemnt. Faren døyd de 1644/45 og Rasmus arva eigedommen på Lauvås, etter den tid var han altså sjølveigar på garden sin. I 1638 var det tjuvar på ferde her inne og Rasmus mysta "Nesten Aid hans fattig for mue". Naboen Rasmus Eltarvåg hadde pantsett ei kåpe hos han for 10 skilling, og den var og stolen (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind IV, s 85). Garden brann på nytt i 1653. "Løff AesEhr Opbrend" kan me lesa i lensrekneskapen då dei tok opp skatt til jonsok og mikkelsmesse det året.

Gift med Marit. Ho kan ha vore frå Frøyland, sidan tre av barna sidan kom til å bu der. Marit hadde garden i 1654 og 1657/58. Så gifta ho seg på nytt og den nye ektemannen overtok garden (nummer 7).

Barn:

  1. Torkell, født ca 1640, bonde på Frøyland (Frøyland- 13), gift med Karen Endresdtr. frå Store Risa i Sola. Torkell Rasmusen Frøyland selde i 1682 åseteretten til Lauvås til Knut Håvardsen for 26 riksdalar
  2. Herborg, født ca 1638, gift med Johannes Larsen Frøyland (Frøyland-29)
  3. Dorte, gift med Adne Jørgensen Skjørestad i Riska (Skjørestad-20)
  4. Karen, født ca 1638. Med ein ukjent Lars fekk ho ein son, Rasmus, fødd ca 1660 på Lauvås. Han voks opp på Frøyland og var sidan husmann i Vågjen under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-14). Karen blei gift med Lars Rasmusen Frøyland (Frøyland-32)
  5. Berit, gift med Ola Svertingsen Uskjo (Uskjo-9 og 16) f. Anna, født ca 1650, gift med Elias Mikalsen Jødestad (Jødestad-8).

7. Mikal Torsteinsen,

født omlag 1630, død 1693. Son til Torstein Kommedal i Forsand.

Mikal hadde garden på Lauvås frå 1658 til omlag 1682. Han gifta seg med enkja etter Rasmus Torkellsen, og så lenge Rasmus sine barn var mindreårige blei jordegodset i Lauvåsgarden ført på Mikal. Garden på Lauvås hadde tidlegare lege under Hommarsåk, og folka på Hommarsåk henta fortsatt ved i utmarka på Lauvås. Dette prøvde Mikal å stoppa, men han kom ikkje nokon veg med det (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind VI, s 180 og 192-193). I 1663 var Mikal lagret temann. Mikal lot svigersonen få overta garden omlag 1682. Så gifta han seg med ei enkja på Hetland to-tre år etter og flytta der til (Hetland-36).

Gift med 1) ca 1658 enkja Marit. Ho var enkja etter Rasmus Torkellsen Lauvås (nr 6). 2) ca 1685 enkja Ranveig Svertingsdtr., født ca 1640, død 1731, dotter til Sverting Asbjørnsen Uskjo (Uskjo-7). Ho var enkja etter Johannes Helgesen Hetland (Hetland-35).

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Siri, født ca 1656 (fødselsåret er rekna ut etter alderen som er oppgitt då ho døydde, men ho var vel eit par år yngre). Gift i ca 1680 med Knut Håvardsen, bonde på Lauvås (nr 8).

8. Knut Håvardsen,

født 1655, død 1723. Son til Håvard Olsen Øvre Espedal i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, s 469 og 485-486).

Knut budde på Lauvås i 1682 då han kjøpte åseteretten til garden av son til Rasmus Torkellsen, det var vel ved dei tider Knut løyste av svigerfaren som gardbrukar. Sidan hadde Knut garden til han døydde i 1723. 1 tillegg til åseteretten kjøp te han også jordegodset av Rasmus Lauvås sine barn. Dermed var han sjølveigar på garden sin. Då Knut døydde blei det han lot etter seg taksert til nesten 100 riksdalar. Det var omtrent dobbelt så mykje som eit vanleg skiftesbu i Uskjo på den tida. Blant innbuet hans legg me merke til tre tinnfat, ein kopparkjel og eit par stakar. Ellers hadde han børse så han jakta vel noko.

Gift med 1) ca 1680 Siri Mikalsdtr., født ca 1656, død 1695, dotter til Mikal Torsteinsen Lauvås (nr 7), 2) 1695/96 Kari Rasmusdtr., født ca 1673, død 1703. Ho kan ha vore frå Selvik i Høle sidan folk der frå var fadder på barna,

3) 1705 enkja Gudny Salvesdtr., død 1716, dotter til Salve Torkellsen Jåttå i Hetland. Ho hadde vore gift med Ivar Hallvardsen Jåttå, og han og Knut var tremenningar. Derfor måtte Knut og Gudny ha løyve frå kongen for å kunne gifta seg,

4) 1718 Kari Rasmusdtr., født 1687, død 1744, dotter til Rasmus Torsteinsen Høle.

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Håvard, født 1682/85, død 1712, han var spedalsk
  2. Mikal, født 1686/89, skipstømmermann, budde i Stavanger (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 361, 376, 389). Gift med 1) Karen (død 1738), 2) Maren Hansdtr. Lodhof
  3. Ingeborg, ho var svakeleg
  4. Knut, født 1691, død 1691

Barn i andre ekteskap:

  1. Siri, født 1696, død 1716
  2. Anna, født 1699, død 1716
  3. Knut, født 1703, død 1703

9. Kjel Monsen,

født 1698, død 1741. Son til Mons Einarsen Østhus i Rennesøy (sjå Rennesøy g.o.æ. s 436, nr 7).

Kjel bygsla garden på Lauvås av Knut Håvardsen sin son i 1723, og han budde her som leiglending til han døydde. Han var svært velståande. Då han døydde blei buet hans vurdert til over 230 dalar, tre gonger det som var vanleg ved skifte på Riskagarden på den tid. Bare i rede pengar lot Kjel etter seg såmykje som 70 dalar. Og han hadde mange fine sylvting: kanne, skål, fleire skeier og ein signetring. Han hadde og ei trøye med 26 store og 17 små sylvknappar. Ellers hadde han tinnfat og lysestakar av messing.

Gift i 1723 med Inger Andersdtr., født 1699, dotter til Anders Jonsen Husabø på Hundvåg. Ho gifta seg andre gong med Eivind Jonsen som hadde garden etterpå (nr 10).

Barn:

  1. Knut, født 1724, bonde på Austbø på Hundvåg, gift i 1751 med Berta Olsdtr. Husabø
  2. Anders, født 1726, død 1747
  3. Karen, født 1729, gift med Elling Tørresen
  4. Mons, født 1731, bonde på Lauvås etter mora og stefaren (nr 11)
  5. Kjel, født 1733, død 1761, ugift
  6. Kirsti, født 1736, død 1744
  7. dotter, død 1742

10. Eivind Jonsen,

født 1714, død 1756. Son til Jon Assersen Gausel i Hetland. Eivind gifta seg med enkja etter Kjel i 1743 og tok over bygsla av garden. Han var leiglending på Lauvås til han døydde i 1756.

Gift i 1743 med enkja Inger Andersdtr., født 1699, død etter 1764, dotter til Anders Jonsen Husabø på Hundvåg. Hennar fyrste mann var Kjel Monsen Lauvås (nr 9). Etter at Eivind også var død, blei ho sittande med garden til sonen overtok i 1761. I denne tida fekk ho kjøpa jordegodset så ho blei sjølveigar.

Barn:

  1. Jon, født 1744, død 1748

11. Mons Kjelsen,

født 1731, død 1800. Son til Kjel Monsen Lauvås (nr 9). Mons overtok garden etter mora i 1761 og han hadde han fram til 1788. Då lot han sonen få skjøte på garden, men han haldt igjen plassen Lauvåsvågjen som han og kona skulle bruka (sml nr 21).

Gift i 1763 med Guri Olsdtr., født 1742, død 1817, dotter til Ola Rasmusen Li (Li-23).

Barn:

  1. Inger, født 1764, gift i 1785 med Ola Korneliusen Hommarsåk (Garden Hommarsåk-1 1)
  2. Marta, født 1767, gift med 1) 1791 Ola Knutsen Austbø (dei var syskenbarn), 2) 1798 Jakob Jakobsen Austbø født 1755[1]
  3. Karen, født 1770, gift i 1793 med Bjørn Bjørnsen Riska (Riska-46) død Kjel, født 1773, bonde på Lauvås (nr 12).


12. Kjel Monsen,

født 1773, død 1826. Son til Mons Kjelsen Lauvås (nr 11). Kjel var bonde på Lauvås frå 1788 til 1826. Året etter han var død delte dei to eldste sønene hans garden mellom seg.

Gift i 1793 med Kari Eriksdtr., født 1772, død 1849, dotter til Erik Eriksen Tunge i Randaberg (sjå Randaberg g.o.æ. bind 1, s 320, bruk 3, huslyd 6) (sml Lauvås-64).

Barn:

  1. Guri, født 1794, gift i 1830 med enkjemann Sivert Hansen, budde i Stavanger
  2. Ingeborg, født 1797, gift med 1) 1820 Bjørn Bjørnsen Riska (Riska-47), dei var syskenbarn (død 1820), 2) 1824 Mons Olsen Øvre Tasta i Hetland, 3) 1846 enkjemann Lars Knutsen, matros, budde på Tasta
  3. Erik, født 1799, arva den nordre halvparten av garden (nr 63), gift med Guri Marta Larsdtr.
  4. Mons, født 1801, arva den søre parten (nr 32), gift med 1) 1828 Ingeborg Kristoffersdtr. Eltarvåg
  5. Hans, født 1804, husmann i Stølsvigjå under Eltarvåg (Eltarvåg-46), gift i 1827 med Malena Torsdtr. Stølsvigjå
  6. Kirsten Karina, født 1806, død 1807
  7. Kirsten, født 1808, gift med 1) 1842 Kristen Johannesen, husmann i Hammaren (død 1847) (nr 30), 2) 1850 Torkell Torsen, husmann i Hammaren (nr 31)
  8. Kjel, født 1811, bonde på Lauvås (nr 65), gift i 1838 med Ester Sigbjørnsdtr.
  9. Ola, født 1814, bureisar på eit utmarksstykke av broren Mons sin part, Eikebergheiå (nr 52 og 62), gift med Karen Olena Olsdtr.
  10. Berta, født 1823, nemnt i 1835.

HUSMENNENE

1

Lauvåsvågen

13. N.N.

Det var husmannsplass i Lauvåsvågjen så tidleg som omkring 1700, men me veit ikkje namnet på husmannen for han var død før soknepresten tok opp manntal i 1701 . Då sat enkja hans med plassen og ho er heller ikkje med i det manntalet. Men ho var fadder ved ein barnedåp i 1700 og blir då kalt Kirsti Lauvåsvågjen. Kan henda var ho den same som "Kirsti i vaagen" som hadde hus i Stavanger i 1709 (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 317).

14. Tollak Torjusen,

født ca 1639, død 1730. Han var fødd i Sirdalen. Tollak hadde hatt gard på Liland i Sirdalen i 1680- og -90-åra. I 1701 var han dreng på Hetland i Riska. Så hadde han denne husmannsplassen i Lauvåsvågjen. Her blir han nemnt i 1706. Til slutt flytta han til Vier og var husmann der, det kan ha vore omlag 1720 han fekk bygsla plassen der (Eltarvåg-29).

Gift med Åsa Johannesdtr., ho var fadder i 1735 og 1739.

Barn:

  1. Jakob, født ca 1686, nemnt i 1706
  2. Gunnar, født ca 1691, tjente på Austbø i 1706
  3. kanskje: Berit Tollaksdtr., gift med Ola Johannesen Uskjo (død 1700) (Uskjo-23). Ho kan ha vore den Berit Lauvås som døydde i 1732 og blir kalt "en fattig kvinne" (sjå nr 102).

15. Tore Tolleivsen.

Son til Tolleiv Torsen Mån i Forsand.

Den fyrste tida etter han gifta seg hadde Tore garden på Mån. Der budde dei ennå i 1724. Så var han husmann i Lauvåsvågjen ei kort stund. Her er dei nemnde i 1726, men ser ut til å ha flytta igjen allerede det året. Sidan var han husmann på Grunnen under Hetland prestegard. Sigleif Engen blandar i saman Tore Molaug og Tore Tolleivsen Mån (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 255-256).

Gift med 1) 1719 AnnaKnutsdtr.,født ca 1692, død 1722, 2) 1723 Gjøa Knutsdtr., født 1698, dotter til Knut Osmundsen Kommedal i Forsand.

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Guro, født 1719 i andre ekteskap:
  2. Berit, født 1724
  3. Siri, født 1726

16. Vermund Torgersen,

født 1692, død 1741. Son til Torger Østensen frå Strand. Fram til 1724 hadde Vermund garden i Erevik i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 190). Omlag 1726/27 bygsla han husmannsplassen her i Lauvåsvågjen og her budde han til han døydde. Det han lot etter seg blei taksert til 25 riks dalar. I tillegg blei husa på plassen vurdert til vel 13 dalar.

Gift i 1721 med Anna Gunnarsdtr., født 1698, ho levde ennå i 1743, dotter til Gunnar Fanuelsen Erevik i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1 s 189).

Barn:

  1. Maren, født 1722, død 1722
  2. Torger, født 1722 (tvilling), død 1722
  3. Maren, født 1723, død 1747
  4. Berit, født 1727, død 1732
  5. Anna, født 1730, gift med 1) 1755 enkjemann Ola Larsen Uskjo (død 1767) (Uskjo-40), 2) 1768 Ådne Rasmusen Uskjo (Uskjo-41)
  6. Gunnar, født 1733, budde på Øvre Tasta i Hetland, gift i 1763 med enkja Malena Hallvardsdtr.

17. Rasmus Eriksen,

født ca 1672, død 1762.

Han hadde husmannsplassen i 1754. Gift.

Barn:

  1. dotter, nemnt 1754

18. Erik Torsen,

født 1697, død 1757. Son til Tore Håvardsen Øvre Espedal i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, s 518). Erik var fyrst gardbrukar i Øvre Espedalen (sml Forsandboka bind 111, s 519). Han døydde som husmann i Lauvåsvågjen i 1757.

Gift i 1721 med Guri Ivarsdtr., født 1692, død 1772, dotter til Ivar Josefsen frå Eikeland som hadde gard på Helle, Byrkjeland, Forsand og Levik (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 286).

Barn:

  1. Josef, født 1721
  2. Tore, født 1724, fyrst Espedal, så Stokkaland og Sandnes, gift i 1754 med enkja Helga Olsdtr.
  3. Ivar, født 1726, død før faren
  4. Sissel, født 1728, gift med 1) 1751 Josef Svensen Øvre Espedal, 2) 1755 Bjørn Jonsen Øvre Espedal
  5. Ragnhild, født 1731, gift med 1) 1756 Jakob Ingebretsen Oanes i Forsand (død 1768), 2) 1774 Rasmus Svensen Indre Skeivik under Erevik, seinare Eikeland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 247 og 216)
  6. Marit, født 1733, gift i 1757 med Jens Rasmusen, tok over plassen (nr 19)
  7. Siri
  8. Guri

19. Jens Rasmusen,

født 1733. Son til Rasmus Osmundsen Auglend i Lyse (sjå Forsandboka bind I, dell, s 685). Dei budde på Lauvås i 1757, men flytta nokså snart til byen (sml Forsandboka bind 111, s 519).

Gift i 1757 med Marit Eriksdtr., født 1733, dotter til Erik Torsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 18).

20. Torkell Jakobsen,

født 1725, død 1803. Son til Jakob Torkellsen Ravndal i Gjestal (sjå Gjestal g.o.æ. s 196, nr 25).

Torkell verva seg som soldat i 1745 og blei tambur. Han blei verande i militær tjeneste til 1755 (sjå Georg Vaagen, Våre røtter s 175-178). Etter han gifta seg budde han fyrste tida på Ravndal i Gjestal, så på Hove og Skjelbrei i Høyland. I 1758 er dei komne til Frue sokn, og truleg bud de dei i Lauvåsvågjen allerede då. Det er likevel fyrst i 1762 me får vita visst at dei budde her. Torkell var husmann i Lauvåsvågjen ennå i 1780, men ikkje så mange åra etter må han ha flytta vekk. For i 1788 var plassen ledig. Etterpå rydda Torkell ein ny husmannsplass på Teistholmane som høyrde Eltarvåg til. Der bud de dei i 1792 (Eltaryåg-44).

Gift i 1750 med Malena Ådnesdtr., født ca 1724, død 1799, dotter til Ådne Monsen Kråkedal i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 240, nr 8).

Barn:

  1. Jakob, født 1751
  2. Ådne, født 1753
  3. Ådne, født 1754, sidan husmann i Lauvåsvågjen (nr 22)
  4. Jakob, født 1758, budde i Stavanger, gift
  5. Ådne, født 1761, husmann på Tangjen under Skadberg i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 418, plass 2, huslyd 2), gift med 1) 1786 Marta Nilsdtr. frå Vågjen under Hommarsåk (sml Garden Hommarsåk -19.c) (d. 1794), 2) 1795 Sissel Olsdtr.
  6. Ane, født 1764, gift i 1799 med Tore Svensen, husmann i Stølsvigjå under Eltarvåg (Eltarvåg-45).
  7. Torkell, født 1770, død 1700?

21. Mons Kjelsen,

født 1731, død 1800. Son til Kjel Monsen Lauvås (nr 9). Mons hadde vore bonde på Lauvås, men i 1788 gav han garden frå seg til sonen (sml nr 11). I samband med det haldt han igjen husmanns plassen i Lauvåsvågjen som han og kona skulle vera "berættigede til" å bruka. Det gjekk likevel bare nokre få år før plassen igjen blei bygsla vekk til ein husmann.

Gift i 1763 med Guri Olsdtr., født 1742, død 1817, dotter til Ola Rasmusen Li (Li-23)

22. Ådne Torkellsen,

født 1754, død 1837. Son til Torkell Jakobsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 20). Etter han gifta seg budde Ådne med familein sin hos foreldra hans her i Lauvåsvågjen. Her er dei nemnde i 1779 og 1780. Etterpå fylgde dei truleg med ut til Teistholmane. Sidan kom Ådne tilbake til Lauvåsvågjen, og i 1794 fekk han bygsla plassen. Etter det budde han her til han døydde. Men då han tok til å bli gammal, var det fyrst ein son og så ein svigerson som dreiv plassen. I Ådne sin bygslekontrakt frå 1794 står det at han kvart år skulle betala 1 riksdalar i avgift. Dessutan skulle han arbeida for bonden "3 uger i Slaatten og een uge i Vaarvinden".

Gift med 1) 1777 Marta Rodleivsdtr., født 1744, død 1821, dotter til Rodleiv Olsen Eikeland i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, s 328-329),

2) 1823 Ragnhild Svensdtr., født 1773, død 1838, dotter til Sven Ingebretsen, husmann i Pannevigjå under Nedre Eiane i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 2, s 850-851).

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Tolleiv, født 1779, bonde på Ølberg i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 628, bruk 3, huslyd 13), gift i 1799 med Berta Tollaksdtr. Høllesli
  2. Torkell, født 1780, husmann i Lauvåsvågjen (nr 23)
  3. Ragnhild, født 1782, gift i 1807 med Ola Omundsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 24)

23. Torkell Ådnesen,

født 1780, død 1848. Son til Ådne Torkellsen, husmann i Lauvåsvågjen (nr 22). Torkell budde fyrst som husmann i Lauvåsvågjen. Her er han nemnt i 1806. Sidan flytta han til Stavanger og var styrmann og skipper. Der dreiv han og ein liten handel og tok borgarskap i 1814 (sjå Stavanger Borgerbog s 249).

Gift med 1) 1805 Karen Klengsdtr., født 1783, død 1827. Bare den eldste dottera er fødd her:

  1. Marta Maria, født 1806

24. Ola Omundsen,

født 1786, død 1851. Son til Omund Olsen Hillevåg.

Faren døydde tidleg og Ola voks opp hos mors folket sitt i Uskjo. Ellers var mormora hans frå Lauvåsvågjen, ho var dotter til husmannen Vermund Torgersen (nr 16). Til å begynna med var Ola sjømann, men han overtok plassen då bror til kona flytta til byen. Ola var husmann i Lauvåsvågjen ved folketellingane i 1825 og 1835. Han hadde plassen så lenge han levde, men den siste tida budde også to av sønene hans her med familiane sine.

Gift i 1807 med Ragnhild Ådnesdtr., født 1782, død 1857, dotter til Ådne Torkellsen, husmann i Lauvås vågjen (nr 22). Ho var jordmor.

Barn:

  1. Omund, født 1808, budde på Eiganes ved Stavanger der han dreiv gard, gift i 1833 med Olena Erikdtr.
  2. Marta, født 1809, død 1809
  3. Marta, født 1810, død 1857. Ikkje gift, ho døydde som fattiglem
  4. Ådne, født 1814, budde i Lauvåsvågjen, fyrst som husmann sidan som bonde (nr 25, sidan nr 84 og 94)
  5. Ola, født 1818, fyrst husmann, seinare småbrukar i Lauvåsvågjen (nr 26, sidan nr 48)
  6. Andreas, født 1819, sjømann, budde i Stavanger og på Eiganes, så ei tid på Lauvås (Folk i bygda-282), sidan reiste han til Sunnfjord. Gift i 1844 med Berta Aslaksdtr. frå Grytvigjå under Li
  7. Rakel Maria, født 1822, død 1822
  8. Rakel Maria, født 1825, gift i 1851 med Knut Sivertsen, husmann i Uskakalven (Uskjo-47)

25. Ådne Gisen,

født 1814. Son til Ola Omundsen, husmann i Lauvåsvågjeno(nr 24). Han var fiskar i 1840. Ådne budde i Lauvås vågjen etter han gifta seg og blir dels omtalt som husmann (i 1841, 1843 og 1852) og dels som strandsittar (i 1845 og 1847). Han hadde eigentleg ikkje nokon plass sjølv han kunne bruka, men budde på husmannsplassen til faren. I 1852 fekk han kjøpa den halvdelen av den gamle husmannsplassen som låg til den nordre parten av Lauvåsgarden. Sjå vidare nr 84.

Gift i 1840 med Gurina Gautesdtr., født 1816, dotter til Gaute Nilsen, husmann i Heia under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-33).

Barn:

  1. Rakel, født 1841
  2. Gabriel, født 1842, død 1842
  3. Gurina,født 1843
  4. Ola, født 1845
  5. Ane Gurina, født 1847
  6. Gabriel, født 1849
  7. Nils Martinius, født 1852

Det blei fødd fleire barn etterpå.

Her kommer bilde på side 57

På Lauvås og Eltarvåg er det mange småbruk. Folka her inne levde av fisket og hadde jorda meir

som attåtnæring. Eit av desse småbruka var Slåttebakkjen. På dette biletet frå 1907 ser me tre

brør som dreiv notbruk og rutetrafikk i lag. Frå venstre systersonen Sivert, så er det Kristian

Slåttebak, systerdottera Thora, brørne si mor Anna, deretter Erik Slåttebak og til slutt Karl med

kona Rakel.

26. Ola Olsen,

født 1818, død 1863. Son til Ola Omundsen, husmann i Lauvåsvågjen (se ovanfor).

Då han gifta seg i 1848 var Ola fiskar. Så budde han som husmann i Lauvåsvågjen (nemnt i 1849). I 1851 blei han sjølveigande bonde på den halvdelen av faren sin plass som hadde lege under den søre parten på Lauvås. (Sjå nr 48).

Gift i 1848 med Serina Jespsdtr.,født 1824, død 1899, dotter til Jesp Jespsen Nordland i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 303, nr 13).

Bare det eldste barnet deira blei fødd mens dei budde her som husmannsfolk:

  1. Ole Johannes, født 1849

Slåttebakkjen

27. Per Svensen,

født ca 1778, død 1834.

Han budde ei kort tid i Uskjo der kona hans var frå. Der finn me dei i 1810 (Uskjo-99). Me veit ikkje når dei kom til Lauvås, men dei budde i alle fall her i Slåttebakkjen i 1825. Dei var nok dei fyrste husmannsfolka her.

Gift i 1810 med Siri Jonsdtr., født 1785, død 1863, dotter til Jon Nilsen Uskjo (nr 20).

Barn:

  1. Kristina, født 1810, gift i 1835 med Sven Ingebretsen, som bygsla plassen etterpå (nr 28)

28. Sven Ingebretsen,

født 1813, død 1837. Son til Ingebret Svensen, husmann på Tingholmen under Eltarvåg (Eltarvåg-41).

Sven bygsla denne plassen i 1834. Han måtte ut med 4 speciedalar kvart år i avgift for plassen og 1 tillegg yta "4 Dages Arbeide, 2 i Vaarvinden og 2 i Slaatten om Høsten". I fylgje bygslekontrakten hadde Sven rett til å skjera torv for salg i Storamyrå ein dag i året.

Gift i 1835 med Kristina Persdtr., født 1810, død 1837, dotter til Per Svensen, husmann i Slåttebakkjen (nr 27).

Barn:

  1. Per, født 1835, gift i 1862 med Sille Maria Kristians dtr. frå Sandvigjå under Storå Vatne i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 450, nr 33 b).

29. Paul Andersen,

født 1811, død 1855. Son til Anders Kristoffersen Eltarvåg (Eltarvåg-22). I 1838 fekk Paul bygsla husmannsplassen i Slåttebakkjen. Han skulle og betala 4 specieda lar i året i avgift, men i tillegg måtte han arbeida 6 dagar for dei to bøndene på Lauvås, "3 i Vaarvindingene og 3 i Slaatten om Høsten". Paul fekk også rett til "En Dags Torvskuur i Storemyren til at sælge".

Gift i 1838 med Ingeborg Trulsdtr., født 1816, dotter til Truls Nilsen Dale (Dale-24). Ho sat med plassen i ei årrekke etter at mannen var død. I 1874 fekk den eldste sonen kjøpa den eine delen av husmannsplassen, og han budde her som sjølveigar (sjå bruk 13 etterpå). Omlag 1880 reiste gamle Ingeborg til Amerika til dottera Juditte.

Barn:

  1. Juditte, født 1838. Med Ingebret Knutsen frå Haugesund fekk Juditte dottera Jørgine ("Gina") født 1866. Gina voks opp hos mormora og blei med henne til Amerika ca 1880. Juditte reiste til USA allerede i 1866. Ho blir der gift med Gunnar Norem, farmar
  2. Tobias, født 1841, småbrukar i Slåttebakkjen (nr 98), gift i 1878 med Maren Serina Eriksdtr. frå Naustervigjå under Eltarvåg
  3. Andreas, født 1846, fyrst sjøfarande, sidan bonde på Lauvås, i Longebakkjen (nr 42), gift med 1) 1879 Karen Kristoffersdtr. Lauvås
  4. Gunhild, født 1849, gift i 1879 med enkjemann Knut Eriksen, husmann i Naustervigjå under Eltarvåg (Eltarvåg-58)
  5. Gunnar, født 1853, budde i Stavanger

3

Hammaren

30. Kristen Johannesen,

født 1814, død 1847. Son til Johannes Eriksen Meling i Bremnes, Sunnhordland (sjå Bømlo bygdebok bind I, s 556, nr 100).

Då han gifta seg haldt Kristen til på Husabø. Etterpå budde han som innarst her på Lauvås, nemnt i 1842. Ikkje lenge etter det fekk han bygsla eit stykke og rydda seg ein husmannsplass under svogeren Mons sin part av Lauvåsgarden. Han kallest husmann i 1844. Kristen døydde i Sunnhordland, og det var presten i Tysnes og Finnås som sende melding heim om det. Sannsynlegvis var Kristen på fiske der.

Gift i 1842 med Karina Kjelsdtr., født 1808, død 1875, dotter til Kjel Monsen Lauvås (nr 12). Ho gifta seg andre gong med Torkell Torsen, som bygsla plassen etterpå (nr 31).

Barn:

  1. Kristian, født 1842, død 1903. Han var dreng på Eltarvåg i 1875 og døydde i Uskjo som fattiglem (Folk i bygda-267)
  2. Kjel, født 1844, sjømann, budde på Lauvås (Folk i bygda-283), gift i 1867 med Elen Laurine Larsdtr.

31. Torkell Torsen,

født 1811, død 1875. Son til Tore Svensen, husmann i Stølsvigjå under Eltarvåg (Eltarvåg-45).

Han gifta seg med enkja etter Kristen i Hammaren i 1850 og budde på Lauvås frå den tid. I 1852 fekk han tinglyst bygsleseddel på plassen sin. Han skulle ut med 1 speciedalar og arbeida 6 dagar for bonden kvart år. Det var "2 Dage i hver Vinde, Vaaren 2 Dage, 2 Dage i H:Slaatten og 2 om Høsten".

Gift i 1850 med enkja Karina Kjelsdtr., født 1808, død 1875, dotter til Kjel Monsen Lauvås (nr 12). Enkja etter Kristen Johannesen, husmann i Hammaren (nr 30).

Litteratur og kilder

Referanser