Lauvås (Sandnes gnr. 97/5)
| Lauvås | |
|---|---|
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 97 |
| Bnr: | 5 |
| Type: | gardsbruk |
Lauvås er ein gard (gnr. 97/5) i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/5. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 52a.
Brukarar
52. Ola Kjelsen,
født 1814, død 1877. Son til Kjel Monsen Lauvås (nr 12).
I 1838 fekk Ola skilt frå eit stykke oppe på Eikebergheiå av den eldre broren Mons Kjelsen sin part av garden. Her budde Ola som rydningsmann til han i 1857 selde stykket sitt. Men han tok av eit lite stykke som han hadde som gammal (sjå nr 62). Ola forlova seg i 1847 med enkja Randine Larsdtr., men dei blei ikkje gift. "Forbindelsen hævet" står det i kyrkjeboka.
Gift med Karen Olena Olsdtr., født 1806, ho var frå Konsmo i Vest-Agder. Dei hadde ikkje barn.
53. Annas Tormodsen,
født 1815[1], død 1877. Son til Tormod Torkellsen, husmann i Vorliå under Store Auglend i Høle.
Annas budde fyrst som husmann i Vorliå, men kom så til Lauvås og kjøpte stykket på Eikebergheiå i 1857. Her budde han til 1874, men flytta så vekk. Etterpå var han losjerande i Longebakkjen (bruk 2) og hjelpte til med gards arbeidet der (nemnt i 1875). Seinare blei han gift med enkja på det gardsbruket (sjå nr 41).
Gift med 1) 1840 Magel Olsdtr., født 1816, død 1861, dotter til Ola Tolleivsen, husmann under Fjogstad i Høyland[2] (sjå Høyland g.o.æ. s 131, nr 12 B). 2) 1864 Marta Serina Olsdtr., født 1819, død 1868, syster til Magel. Ho var døvstum. 3) 1872 Taletta Håvardsdtr., født 1844, død 1874, dotter til Håvard Torsen, Strand sokn. 4) 1877 enkja Marta Serina Håvardsdtr., født 1836, død 1878, dotter til Håvard Olsen, husmann under Husabø i Høle. Ho var enkja etter Kristoffer Olsen Lauvås (nr 40).
Barn, i fyrste ekteskap:
- Tormod, født 1840, nemnt i 1865
- Ola, født 1843, budde på Hølegarden (?), gift med 1868 Johanna Maria (eller Inger Malena) Ivarsdtr. frå Stølsvigjå under Eltarvåg (Eltarvåg- 47.c)
- Manasse, født 1846, nemnt i 1865
- Anna Maria, født 1848 i andre ekteskap:
- Anna Maria, født 1865, død 1871
54. Tide Jakobsen,
født 1821, død 1891. Son til Jakob Tidemansen, husmann under Brimse i Rennesøy (sjå Rennesøy g.o.æ. s 76, nr 30).
Tide fekk auksjonsskjøte på eigedommen i 1876 og han budde sidan her til han døydde. Ifylgje futen sine kassabøker brukte han også frå 1885 det andre litle stykket på Eikebergheiå, det som Ola Kjelsen hadde på sine gamle dagar (sml bruk 5 b).
Gift med Malena Aslaksdtr., født 1828, død 1919, dotter til Aslak Torgersen, husmann på Stølen under Østabø på Talgje (i Finnøy). Ho gifta seg etter på med enkjemannen Johannes Persen Hetland (Hetland-49). Dei selde stykket på Eikebergheiå i 1895 til Malli sin halvbror, Ingebret Danielsen.
55. Ingebret Danielsen,
født 1840, død 1925. Son til Daniel Hallvardsen, husmann på Stølen under Østabø på Talgje.
Til å begynna med var Ingebret også husmann på Østabøstølen. Talgje-gardane hadde utmark på fastlandet nord i Strand, det som heiter Talgjemarkå. Kan henda var det der husmannsplassen Stølen låg, for Ingebret sin son blei døypt i Strand i 1872, og ifylgje folketellinga for 1900 var både Ingebret og barna hans fødde i Strand. Ifylgje Ola Aurenes skulle Ingebret vera frå Tytebærheiå under Helland i Strand. Garden Hanasand på nordsida av Rennesøy høyrde i eldre tid til Talgje sokn i Finnøy prestegjeld. Og i Rennesøyboka er Ingebret og faren hans førde som husmenn på Stølen under Hanasand (sjå Rennesøy g.o.æ. s 177, nr 43 og 44). Hadde kanskje Hanasand og utmark inne på Strandalandet? Etter futen sine kassabøker brukte Ingebret stykket på Eikebergheiå frå 1893. To år seinare fekk han skjøte på eigedommen frå halvsystera, Tide-Malli, og den nye mannen hennar. Ingebret sat med stykket sitt til 1902. Han døydde på Li hos dottera og svigersonen.
Gift med Jensine Jensdtr., født ca 1840, ho var frå Stavanger eller Frue sokn.
Barn:
- Gurina, født 1864, gift med Annas Torgersen, som overtok stykket (nr 56)
- Martha Serina, født 1866, gift i 1893 med Kornelius Li frå Lauvås (Lauvås-72)
- Daniel, født 1869, hadde sidan dette stykket på Eikebergheiå (nr 61)
- Ingebret, født 1872, rydningsmann på Indre Hetland (Hetland-54), gift med Josefine Løvaas (sml nr 100)
- Rakel Malena, født 1875, gift i 1897 med Per Hetland (Hetland-50)
- Sevrin, født 1877, sjømann i 1900
- Einar, født 1881, budde ei tid på Eikebergheiå (Folk i bygda-3 1 2), gift med 1) Jenny, 2) 1927 Karen Rugland
- Serina, født 1884, gift med Kristian T. Heimlund, båtbyggar og modelsnekkar, busett på Jørpeland
56. Annas Torgersen
Dei budde truleg fyrst på Langeland. I 1902 fekk han skjøte[3] på stykket på Eikebergheiå( gjelder bruk 5 og 6), men her var dei bare ei ganske kort tid.
Gift med Gurina Ingebretsdtr., født 1864, dotter til Ingebret Danielsen (nr 55).
57. Ivar Dagsland
58. Hans Eriksen
I futen si kassabok står han som brukar frå 1906.
59. Ole Viste
60. Rasmus Davidsen Aarvik
61. Daniel Ingebretsen,
født 1868, død 1928. Son til Ingebret Danielsen (nr 55).
Han var skipstømmermann, og den fyrste tida budde dei på Gausel, så på Jørpeland og etter det på Gausel igjen. Frå ca 1910 (skøyte 1912[4] på bruk 5 og 6) hadde han dette stykket på Eikebergheiå og her budde dei til 1919. Han reiste på arbeid i Stavanger og han arbeidde og ved Mølla i Vågjen. Etter dei flytta herifrå hadde han eit stykke på Hetland som var skilt ut av svogeren sin gard der (sjå Hetland-52).
Gift med Martha Eliassen, født 1880, død 1955, dotter til Ove Eliassen, som også budde på Eikebergheiå ei tid (Folk i bygda-310).
Barn:
- Jensine, født 1902
- Dagny Mathilde, født 1904
- Inger Ovidia, født 1907
- Ingebret, født 1910
- Sigrid, født 1916
- Margit Serina, født 1919
- Ingrid Gurina, født 1922
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 240-241 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 926-927 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 39-40 i Digitalarkivet
Referansar
- ↑ Annas Tormodsen i Historisk befolkningsregister
- ↑ Aurenes, Ola. Høyland gards- og ættesoge gjennom 400 år. Utg. Høyland kommune. S.l.. 1954 side 131 12B. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41BF/L0016: Pantebok nr. 22, 1900-1902, s. 1090-1091 Nr. 8 i Digitalarkivet
- ↑ Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41BF/L0024: Pantebok nr. 27b, 1911-1913, s. 794-795 Nr. 2 i Digitalarkivet