Lefsekling er i Norsk ordbok definert som "lefse som det er klint smør på (og sukker og kanel) el rømme el gomme el råmjølk".[1] Lefsekling i ulike variantar er utbreidd i mange delar av landet. Bondekvinna og vår gamle lefse- og flatbrødtradisjon viser oppskrifter på lefsekling eller kling frå Buskerud, Hordaland, Telemark, Vestfold, Akershus og Nordland.