Li (Sandnes gnr. 110/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Li
Stad: Li
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 4
Type: gardsbruk

Li (Sandnes gnr. 110/4) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/4. Gammalt matrikkelnr. 26 og løpenr. 96a.

Brukarar

65. Lars Johannessen,

født 1819, død 1906. Son til Johannes Johannesen Li (nr 34).

I 1846 fekk han kongeleg skjøte på den parten av garden som faren hadde brukt som leiglending. Rett etter lot han ein svoger få overta ein tredjedel (sml nr 73), men dei andre to tredjedelane brukte han til 1873 då den eldste sonen overtok.

G.m. 1844 Anna Olsdtr., født 1821, død 1868, dot ter til Ola Olsen Haga i Sola (sjå Sola g.o.æ. s114- 115, bruk 17, huslyd 13).

Barn:

  1. Botella, født 1844, g.m. 1864 Halvor Halvorsen Helgøe, skipstømmermann, budde i Stavanger
  2. Olava, født 1847, g.m. 1867 Erik Rasmusen Dale (Dale-36)
  3. Johannes, født 1850, overtok garden (nr 66)
  4. Ola, født 1852, død 1861
  5. Elisa,født 1857, død 1860
  6. Ola Laurits Andreas, født 1867, reiste til Amerika, men døydde der vel 20 år gammal.

66. Johannes Larssen,

født 1850, død 1929. Son til Lars Johannessen Li (nr 65).

Han tok imot farsgarden i 1873 og hadde han til 1900. Noko seinare, omlag 1905, fekk han skilt frå det nede med sjøen som folgestykke (sjå nr 70).

G.m. 1872 Taletta Enoksdtr., født 1847, død 1935, dotter til Enok Hallvardsen Utsola i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 454, bruk 1, huslyd 12).

Barn:

  1. Lauritz, født 1875, bonde på Li etter faren (nr 67).

67. Lauritz J. Li,

født 1875, død 1954. Son til Johannes Larssen Li (nr 66).

Han budde fyrst i byen der han var tømmer mann. I 1900 overtok han garden som han hadde til 1928. Lauritz tok til å driva garden etter meir tidsmessige metodar, han kjøpte nokre sekker kunstgjødsel og liknande. Bestefaren, Gamle Lars, tykte ikkje om dette. Ein dag sa han meininga si til Lauritz: "Hadde eg drive slik som du, så hadde eg ikkje sodde på garden i dag" (etter Fridtjof Skjørestad). Etter han gav garden ifrå seg, budde han på det folgestykket som faren hadde fått skilt frå (nr 71).

G.m. 1899 Anna Nilsdtr., født 1875, død 1941, dotter til Nils Nilsen Rygg i Randaberg.

Barn:

Johannes, født 1900, bonde på farsgarden (nr 68)

  1. Nils, født 1902. Som liten mysta han synet ved eit uhell. Pianostemmar, bur i Oslo, g.m. Synnøve.
  2. Lars, født 1904, død 1904
  3. Taletta, født 1908, g.m. 1) Torger Sande, bonde på Sande i Randaberg, 2) Tore K. Kolnes, gardsarbeidar, sidan lausarbeidar, budde i Hogstadholane (Folk i bygda-504)
  4. Agnes, født 191 1, g.m. Kåre Berge, stasjonsbetjent, budde på Frøyland (Folk i bygda-151).

68. Johannes Lie,

født 1900, død 1979. Son til Lauritz J. Li (nr 67).

Han tok imot garden i 1928, og etter at faren døydde i 1954 overtok han også stykket nede med sjøen. Sidan overtok sonen garden, og Johannes flytta ned på folgestykket (nr 72).

G.m. 1928 Elen Sæland, født 1901, død 1991, dotter til Lars Larsen Sæland i Varhaug (sjå Hå g.o.æ.bd II Varhaug, s 235, nr 22).

Barn:

  1. Anny Kaspara, født 1929, g.m. 1952 Erik Skjørestad (Folk i bygda-536)
  2. Målfrid Beate, født 1930, g.m. ca 1950 Bjørn Lie Bjelland (Bjelland-69)
  3. Liv Ester, født 1932, g.m. Christian Sjøthun, sjåfør, bur på Eltarvåg (Folk i bygda-338)
  4. Lars, født 1936, bonde på Li (nr 69)
  5. Else Johanne, født 1944, ikkje gift
  6. Ingrid Irene, født 1946, g.m. 1971 Ragnar Emmerhoff.

69. Lars Lie,

født 1936. Son til Johannes Lie (nr 68).

Bonde på Li etter faren.

Litteratur og kilder

Referanser