Li (Sandnes gnr. 110/5)
Li | |
---|---|
Stad: | Li |
Fylke: | Rogaland |
Kommune: | Sandnes |
Gnr.: | 110 |
Bnr: | 5 |
Type: | gardsbruk |
Li (Sandnes gnr. 110/5) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/5. Gammalt matrikkelnr. 26 og løpenr. 97a. Gjelder også Vestregaard gnr. 110/6) med løpenr. 97c.
Brukarar
73. Tormod Gunnleivsen,
f. 1810, d. 1888. Son til Gunnleiv Hansen Dirdal i Forsand.
Tormod hadde fyrst gard i Dirdal. I 1846 fekk han skilt ut ein tredjedel av svogeren sin part av Li-garden, men han hadde gardsbruket sitt bare eit par år. Etterpå budde han på Husabø på Hundvåg.
G.m. 2) 1843 enkja Inger Johannesdtr., f. 1808, dotter til Johannes Johannesen Li (nr 34). Ho hadde vore gift med sjømannen Tormod Rasmusen, som budde på Husabø. Tormod Gunnleivsen hadde ei dotter i eit tidlegare ekte skap.
74. Andreas Eriksen,
f. 1818, d.1909. Son til Erik Hallvardsen Frafjord i Forsand.
Andreas kom til Li i 1848 og overtok denne parten som Tormod Gunnleivsen hadde hatt før. Han dreiv garden til 1886, då delte han gardsbruket likt mellom sonen Erik og sviger sonen Tore.
G.m. 1846 Alet Ivarsdtr., f. 1821, d. 1886, dot ter til Ivar Larsen Frafjord i Forsand.
Barn:
- Erik, f. 1849, overtok halve farsgarden (nr 75)
- Inger Bergitte, f. 1852, g.m. 1878 Tobias Torsen Skjørestad. På sine gamle dagar var Tobias bonde på Li (nr 40 og 45)
- Iver, f. 1855, bonde på Li, (nr 39 og 47), g.m. 1891 Maren Persdtr. Li
- Inger Taletta, f. 1858, g.m. 1882 Tore Torsen, som hadde dette gardsbruket etterpå (nr 76).
75. Erik Andreasen,
f. 1849, d. 1887. Son til Andreas Eriksen Li (nr 74).
Han overtok halve farsgarden i 1886, men døydde allerede året etter. Dødsårsaken var "Formodentlig Kræft" står det i kyrkjeboka.
76. Tore Torsen,
f. 1860, d. 1893. Son til Thore Olsen Skjørestad (Skjørestad-43).
Han var fyrst til sjøs, sidan var han arbeids mann. Dei fyrste åra budde dei ei stund hos familien til kona her på Li, og ei stund hos hans folk på Skjørestad (Folk i bygda-535). I 1886 gav svigerfaren han skjøte på halve gardsbruket sitt her på Li, og etter at svogeren døydde had de Tore heile gardsbruket åleme.
G.m. 1882 Taletta Andreasdtr., f. 1858, d. 1923, dotter til Andreas Eriksen Li (nr 74). Ho hadde garden til omlag 1907.
Barn:
- Alfred Andreas, f. 1881, overtok sidan gards bruket (nr 78) b. Tore Marselius, f. 1883, dreiv garden for mora (nr 77)
- Ole Johannes, f. 1885, reiste til Amerika og hadde farm i Grinnell i lowa, g.m. Ingeborg (frå Høle)
- Edvard, f. 1887, fyrst farmar i lowa, USA, sidan bonde på Riska (Riska- 102), g.m. Berta Skjørestad
- Maria, f. 1889, g.m. enkjemann Ole Olsen, glassmeister, budde i Stavanger
- Toralv, f. 1 892, var ei tid i Amerika, så arbei dar og budde i Stavanger, til slutt bonde på Rægje i Sola. G.m. Josefine Rege.
77. Tore T. Lie,
f. 1883, d.1966. Son til Tore Torsen Li (nr 76).
Han var tømmermann. Tore dreiv garden for mora, men i 1907 gifta han seg til eit gardsbruk på Bjelland. Der budde han sidan (Bjelland -68). Den tid han budde på Li var han forlova med Amalia Riska, men ho døydde av tuberkulose i 1905 (sml Riska-93.e).
78. Andreas T. Li,
f. 1881, d. 1963. Son til Tore Torsen Li (nr 76).
Han hadde gard på Ullandhaug i Hetland nokre år, men kom heim til Li og overtok garden her etter mora ca 1907. Han hadde gardsbruket til 1946. Andreas var tømmermann. Om somma ren dreiv han som bygningsmann rundt i Ryfylke, om vinteren var han på sildafiske. I fleire år var han formann for Misjonssambandet og Rogaland Indremisjon sitt lokallag i bygda. Etter at Andreas og kona hadde gitt frå seg gar den, leigde dei eit lite stykke oppe i utmarka (nr 85). Sidan kjøpte dei seg hus på Hommersåk (Folk i bygda-227).
G.m. Gunda O. Østbø, f. 1880, d.1975, dotter til Osmund Østbø, Hundvåg.
Barn:
- Ingrid Teoline, f. 1901, g.m. 1) Ragnvald Dirdal, arbeidsmann, budde i Stavanger, 2) Nilsen, sjømann (?), budde i Stavanger, 3) Olai Selvåg, maskinsjef, Stavanger
- Otto, f. 1902, overtok gardsbruket (nr 79)
- Tore, f. 1903,
- 1903 d. Helga, f. 1904, g.m. Lars Helgeland, budde i Stavanger. Helga døydde allerede 1929/30. Ein son hennar, Helge, voks opp her på Li hos besteforeldra.
- Tora, f. 1905, g.m. 1) 1928 Peder Merland, fyrst bonde på Jødestad (Jødestad-41), sidan snekkar, busett på Hommersåk (d.1963) (Folk i bygda- 148). 2) enkjemann Lars Tungland, bud de på Hommersåk. 3) enkjemann Peder Halle
- Alfred Andreas, f. 1907, emissær, budde på Hommersåk (Folk i bygda-80). Ei tid var han kretssekretær for Rogaland Indremisjon. Sidan reiste han til Amerika, busett i Tacoma i Washington. Der har han vore forstander og tømmermann. G.m. 1935 Målfrid Bjerga (sml Garden Hommarsåk-87.a)
- Tore Ingolv, f. 1909, tømmermann, bur på Kristianlyst g.m. Helga Ytredal
- Gudrun, f. 1911, g.m. Fridtjof Foldøy, frak teskipper, emissær. Budde fyrst på Foldøy, så Jelsa, sidan på Finnøy, og til slutt på Hinna
- Ole Gabriel, f. 1913, tømmermann, arbeidde i Forsvaret, budde på Li, (Folk i bygda-613), g.m. Othilie Eiene
- Aleth, f. 1915, g.m. Håkon Espedal, kommunearbeidar, budde på Kristianlyst
- Magnus Dagfinn, f. 1916, tømmermann, bur i Tacoma i Washington, USA, g.m. Liv Bærheim
- Torleif, f. 1919, tømmermann, budde på Li (Folk i bygda 618) g.m. 1945 Ingfrid Skjørestad
- Ruth, f. 1921, g.m. Gunnar Aareskjold, bonde på Åreskjold i Høyland
- Ester, f. 1922, g.m. Oskar Alsvik, bur på Jørpeland.
79. Otto Li,
f. 1902, d. 1964. Son til Andreas Li (nr 78).
Otto hadde fyrst eit småbruk på Li som han hadde fått med kona si (nr 49). Dette selde han då han overtok farsgarden i 1946.
G.m. enkja Inger Løland, f. 1909, dotter til Einar E. Varlandsli, bonde på Voster i Strand.
Etter at Otto var død, blei ho tredje gong gift med Konstantin Gran, Stavanger.
Barn av Otto og Inger:
- Arnfred, f. 1939
- Borgny, f. 1941
- Gunleiv, f. 1945.
Litteratur og kilder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 348-349 i Digitalarkivet