Lofthusreisinga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lofthusmonumentet i Lillesand, laget av Gunn Harbitz og avduka i 2002.
Foto: Jarl V. Erichsen (2019).

Lofthusreisinga 1786–1787 var eit av dei mest omfattande opprøra mot styresmaktene i dansketida, ved sida av Strilekrigen i 1765. Det har namn etter bondeleiaren Kristian Lofthus (1750–1797) frå Risør, som var fengsla på livstid og døydde på Akershus festning i 1797. Reisinga var retta mot embetsmannsstyrets undertrykking av bøndene, og det vart stilt ei rekkje krav. Det meste av Agder og Telemark var i fullt opprør, og myndigheitene vart skremde av opprøret og valde å slå hardt ned på det. Tretten mann, medrekna Lofthus, vart dømde til fengselsstraff.

Lofthus kom sjølv frå gode kår, og vaks opp på morsgarden Lofthus ved Lillesand. Han overtok garden i 1773, og dreiv han godt. Han var også utanbys borgar i Risør, og hadde interesser i sagbruk og eigde partar i skip, og han var skipper på skuter som segla til Danmark og Storbritannia. Det var spent mellom kjøpstadsborgarane og borgarane som var utanbys frå. Lofthus var ein av dei som utfordra privilegia ved å bringe korn heim frå Danmark 1780-åra. Han vann saka, då bøndene på kysten i Aust-Agder hadde nokre gamle privilegium som gav rett til handel med strandsittarar i Vendsyssel og Thy i Danmark. Dette gav han ein høg status mellom bøndene i Agder. Han hadde også kjennskap til organisasjonsverksemd, så når han sette i gang protestar mot embetsmennene vart han raskt ein leiar for bøndene sjølv om han sto i ei mellomstilling som både bonde og borgar.

Det vart retta ei rad klagar mot stiftamtmann F.G. Adeler, mot prestane, sorenskrivarane, futane og bondelensmennene. Det handla særleg om sportlar som var for høge, for store krav om betaling for embetsforretningar og for høge skattar og avgifter. Bøndene var også misnøgde med det danske kornmonopolet og med restriksjonane på tømmerhandel. Lofthus fekk to gonger, i juni og juli 1786, audiens hos kronprinsen. Han hevda sjølv at han hadde fått eit kongeleg mandat til å reise heim for å dokumentere klagemåla. Det som hadde byrja som spreidde klagar i 1784, vart i 1786 under Lofthus sin leiing til eit opprør som femna nesten heile Agder og Telemark. At ein heil landsdel var i opprør, var noko nytt for styresmaktene. Strilekrigen i 1765 var meir valdeleg, men samstundes også av mindre omfang. Myndigheitene vart skremde av at opprøret hadde ein så stor oppslutning, og reagerte.

Den fyrste reaksjonen var å nemne opp Lofthuskommisjonen, med fleire av dei fremste embetsmennene i Noreg som medlemmar. Etter kvart vart det også oppretta fleire underkommisjonar. Tre embetsmenn vart pensjonerte eller suspenderte, og det kom nye reglement for sportlar. I Arendal måtte kjøpmennene betale verdien av 1000 kyr i erstatning til bøndene, og det vart sett nye takstar for kol.Tømmerhandelen vart frigjeven, og det danske kornmonopolet vart oppheva. Så langt var reaksjonen frå myndigheitene til gode for opprørarane. Men Lofthus og andre bondeleiarar hadde fleire klagemål, og dei reiste rundt for å samle underskrifter. Dei samla også inn pengar og skulle sende menn frå kvar bygd til København. Ein av dei som gav pengar, var kjøpmann Peter Dahl i København. Han var ein av dei rikaste borgarane der, men var opphavleg frå Eskedal i Fjære og hugsa sitt opphav.

Det som førte til at styresmaktene endra sin reaksjon på opprøret, var at det vart samla store bondefølgje på opp til eit par tusen mann. I Arendal fekk dei det som vart kalla ein «invasjon av fjellmenn». Det var forbod mot folkesamlingar, og embetsmennene kunne no slå hardt tilbake. Militæret vart sendt inn, og i mars 1778 vart Lofthus og andre arresterte. Bøndene svara mellom anna med å fengsle ein fut for å utveksle han med Lofthus, men militæret fekk sett futen fri. Dei som var innblanda i denne fengslinga, vart dømde til fengselsstraff, men dei fleste av dei sona berre nokre få veker. Det var Lofthus styresmaktene var ute etter, og han vart sittande i varetekt på slaveriet på Akershus. Dommen mot han fall ikkje før i 1792, og den lydde på festningsarbeid i jern på livstid.

Den strenge straffa skal ha hatt samanheng med rykte om at Lofthus ville styrte kongen og anten sette seg sjølv i hans stad eller gje landet til svenskekongen. Han sa i avhøyra at han hadde høyrd desse rykta, men at dei ikkje var sanne. Det er uklart kva som var sanninga i dette. Lofthus hadde klaga til kronprinsen «paa Fædrene Landets Vegne», ei formulering som tyder på ein nasjonal undertone i opprøret.

Lofthus vart av mange sett som ein martyr, og då han døydde av slag på Akershus festning i 1797, vart dette synet forsterka. Høgsterett bekrefta dommen mot han i 1799, to år etter hans død. Dei tolv andre som fekk fengselsstraff, hadde ikkje vore i varetekt, man vart sette inn i mars 1800. Ein av dei fekk tre års fengsel, ein fekk to år og dei andre eitt år. Dei som hadde fått den kortaste straffa, vart lauslatne etter kongeleg reskript av 25. april 1800. Det hadde gått så mange år sidan opprøret at det å halde dei fengsla kunne ha gjort vondt verre for styresmaktene. Dei to andre fekk sett straffa ned til eitt år og eit halvt år.

I tida som følgde var Lofthus og reisinga han leia eit viktig symbol for norsk bondepolitikk. Ein kan også sjå ein samanhang mellom bøndene sine krav og den økonomiske liberalismen som kom inn på byrjinga av 1800-talet.

Henrik Ibsen skreiv om Lofthus i Fangen paa Akershus då han budde i Grimstad. Han hadde eit personleg band til opprørsleiaren, for Else Sofie Jensdotter, som Ibsen fekk barn med då han var atten år gamal, var barnebarn av Kristian Lofthus.

Kjelder

Vidare lesing