Loftsgardsgrendi (veg i Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Loftsgardsgrendi er ein gardsveg i Loftsgardsgrendi i Nordbygdi i Seljord kommune som slyngjer seg i bratt lende nordover frå Nordbygdivegen og endar ved den tidlegare garden Vestre Kodde (gnr. 37/1). Det går sidegreiner til gardane Midtre Loftsgarden (gnr. 34/3) og Øvre Li (gnr. 32/1). Utanom sidegreinene er vegen kring 1,7 kilometer lang. Han går gjennom jordbrukslandskap og har ei stigning på 175 meter.
Vegen har namn etter grenda og blei namnsett i 2005.
Sjå også
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no