Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-12

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Jakob S. Bjørkedal sin reserve av greinvinklar og krokar

Spanterøter og bjelkekne. Spanterøter i doblingspant var den vanlege måten å binde saman dei to sidene på kravellbygde båtar med. Rota har ein lang og ein kort arm. Den lange er del av stamma på treet, og den korte er den beste armen på rota. Her er innsikta frå dei som er på skogen, og som vel den beste rotarmen som er avgjerande. Den lange armen var gjerne rundt 2 meter, og den korte rotarmen kunne også vera over 1 meter. Ein lang arm gir eit betre omskot på skøytane, men her er det naturen som set begrensninga. Med tømmerbreidd i spantet på 6 eller 7 tommar, så trongst det store røter. Å få fram slike røter er tungt arbeid, då er erfaring og teknikk medverkande til eit godt resultat. Det var ikkje berre røter som kunne brukast, men også store greiner eller andre former for vinkel på stamma.Les mer...