Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-23

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brønnebalet frå Sagåa.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Brønnebalet i Hauggrend, Fyresdal kommune, stod ved Sagåa, men vart flytta til Øyskogen. Å brønne er å gje ein hest eller storfe noko å drikke, i dette tilfelle vatn. Bal er ei eldre form av balje, altså eit kar til vatn eller anna flytande. Då Bandakslivegen vart bygd ferdig gjennom Hauggrend like etter år 1900, var hestetransport einerådande. Hesten var eit verdfullt hjelpemiddel som måtte takast godt vare på skulle den yte sitt beste. Mat kunne dei ha med under transport, men vatn måtte dei finne undervegs. Difor vart det på laglege stader ved bekkar eller elvar laga til vasskuper av ein eller annan slag med tilførsel av rennande vatn som hesten kunne drikke av. Folka nytta seg og av dette.Les mer...