Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Volda sentrum ca 1890
Foto: Axel Lindahl

Det som i dag blir kalla Volda sentrum, består av kjernen i dei gamle gardane (rekna frå søraust): Rotset, Øyra (Prestgarden) og Halkjelsvik nede ved fjorden, og så Heltnane, Bratteberget, Rotevatn, Engeset, Klepp ovafor. Også Norddalen og Strand på vegen utover mot Ekset har etter kvart vokse inn i sentrum. Frå gamalt omfatta sentrum gardane Øyra og Halkjelsvik og vart kalla Øyralandet eller berre Land.

Halkjelsvik var opphavleg ein stor gard - nærast eit herresete - mellom Vikeneset og Øyraelva. Garden er nemnt i kongesogene til Snorre Sturlasson; Håkon og Eirik Jarl skal ha lege her med heile hæren sin før slaget i Hjørungavåg ein gong sist på 900-talet.

Den eldste Voldskyrkja stod like ved tunet på Halkjelsvik, og det er sjølvsagt ein av grunnane til at det voks fram eit bygdesentrum her. Utanom dei reint kyrkjelege handlingane var kyrkjebakken ein viktig stad for informasjonsspreiing og kunngjeringar av verdsleg informasjon, m.a. lovar og forordningar.Les mer...