Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-47

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Lesjaskog frå Mølmshaugen til Nørdre Høe 2004.

Tragedien på Lesjaskog seinhaustes 1957 er ei hending som gjorde eit djupt inntrykk på mange menneske. Dei to små barna til Sigrunn (1930-2010) og Syver Mølmshaug (1927-2010), Berit (akkurat fylt 5 år) og Hans Petter (knapt 3 år) forsvann frå heimgarden og vart ikkje attfunne før etter to veker.

Ungane gjekk frå Mølmshaugen i to-tida om ettermiddagen 22. november for å sjå til faren. Syver og ein arbeidskamerat dreiv med skogsarbeid om lag 400 meter frå garden, på sørsida av Rauma og til venstre over Haugabrua, som ikkje hadde rekkverk og som ungane måtte krysse. Det var ein ettermiddag med snø i lufta, og det blir som kjent tidleg mørkt på denne årstida.Les mer...