Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-6

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnstjerne Bjørnson var den drivande krafta i organiseringa av riksmålsrørsla hausten 1899.

Denne artikkelen om lokal språkstrid gjev ei innføring i korleis språkstrid i lokalsamfunnet kan studerast. Føremålet er særleg å peika på kva leksikonartiklar som kan vera aktuelle om dette emnet og korleis dei kan byggjast opp, men artikkelen kan òg vera nyttig for den som vil skriva om dette i andre format og samanhengar

Med den norske språkstriden meiner me her primært striden mellom dei to skriftspråka som i dag offisielt heiter nynorsk og bokmål (tidlegare landsmål og riksmål eller dansk-norsk). Men ein skal òg vera klar over at det i periodar har vore sterk strid mellom ulike interne variantar av dei to skriftspråka, noko som også har fått uttrykk på lokalplan. (Sjå Østlandsk reisning.)

Den norske språkstriden har utspela seg både nasjonalt, regionalt og lokalt. Forskingsinnsatsen har i stor grad vore konsentrert om det nasjonale nivået med eit fokus på dei store debattane og stridsspørsmåla, nasjonale institusjonar og aktørar (som Ivar Aasen, Knud Knudsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg). Samstundes er det på lokalplanet ein i stor grad har funne språkstriden uttrykt gjennom det meir konkrete valet språkbrukaren eller grupper av språkbrukarar har gjort mellom bokmål og nynorsk. Formelt vart òg viktige avgjerder som val av skule- og kyrkjespråk delegert til lokalsamfunna sjølve (skulestyre og kyrkjelydar) frå 1892.Les mer...