Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-36
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Nils) Oluf Kolsrud (fødd 7. juli 1885 i Østre Toten, død 17. juni 1945 i Oslo) var teolog, kyrkjehistorikar, kjeldeskriftutgjevar og lokalhistorikar. Han var professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Truleg er han best kjend for si sentrale rolle innan kjeldeskriftutgjevinga i fyrste halvparten av 1900-talet, mellom anna som hovuddrivkraft bak skipinga av Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt, som han også var fyrste styraren for. Kolsrud gjorde også ein betydeleg innsats for lokalhistoria særleg i Hedmark og Oppland, både som granskar, forfattar og organisator. Oluf Kolsruds gate på Hamar er oppattkalla etter han.Les mer...