Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-34

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.Les mer...