Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-4
Bjåen eller Sud i stoga er den nordlegaste garden i Bykle kommune, og dermed den fyrste faste busetnaden ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Tallaksbru] i Haukeli og over mot Setesdal.
Johannes Skar har skrive ein særs velsvarva karakteristikk av denne verestaden (Gamalt or Sætesdal I, 129):
Bjåen ligg so berrsynt med Breivatn, midt i ville heidane mellom Bykle og Grungedal. Der var halvonnor mil til folk, kva leid du ville taka. Å så i Bjåen - der var aldri talemåte; heidane var for håge. Livemåten hadde dei av buskapen; det var der so utifrå godt på slåttor og beite. Rundt ikring var der fæle fiskevatn, og dyr og fuglar utyver alle heidar. | ||
Gardsnamnet er i bygdemålet Bjåì (nominativ eintal) eller Bjånì (dativ eintal). Tarald Nomeland gjev i den gamle gards- og ættesoga (222) opp at dette kjem av eit gamalnorsk Bjár, som skal tyde «engslette», med sekundærtydingane «gard» og «støyl». Ettersom Bjå er hokjønnsord «må det vera gale å skrive Bjåen», tykkjer han, «det gjev ordet hannkjønnsform». Så langt ein heldt seg til nynorsk mål, har Nomeland sjølvsagt rett i det siste poenget, men forma Bjåen, som har fått hevd både som gardsnamn og ættenamn, vart til medan skriftmålet var dansk, og der gjer dei som kjent ikkje grammatisk skilnad på hankjønn og hokjønn, men opererer med «fælleskøn». På denne bakgrunnen tykkjest det misvisande å seia at den innarbeidde namneforma er «gale».Les mer...