Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-6

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto med omtrentleg omriss av kyrkjetomta.

St. Peter kyrkje var ei kyrkje på garden Opsvik (tidl. Oksvik) på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygd alt på 1000-talet og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra. Kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det framleis synlege restar etter kyrkja. I 1876 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, og ein steinkross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Delar av tufta etter kyrkja og deler av fundamentet for kyrkjegardsmuren er framleis synleg som såkalla crop-marks, dvs. variasjonar i vegetasjonen. Les mer...