Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-9

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900).
Foto: Ukjend (1907/1908)

Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han.Les mer...