Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-4

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Skotte utanfor produksjonslokala til Sykkylven Sportsforretning i 1939. Eigar av biletet er Reidar Skotte.

Gunnar Lorentz Skotte (fødd 16, august 1919 i Borgund, død 19. januar 2010 i Stranda) var ein sykkelprodusent, handelsskulelærar og rektor frå Sykkylven. Det var Skotte som stod bak etableringa av Sykkylven Sportsforretning i 1937. Hovudaktiviteten til verksemda var dei første åra produksjon av syklar. Alt etter eit par års drift var årsproduksjonen komen opp i om lag 150 syklar. Gunnar Skotte var son til styraren av Sykkylven Handelslag, Edvard Skotte. Mora, Olivia, dreiv Sykkylven Hotell på Aure, og der budde også familien ei tid. I 1933 flytte dei til Fauskebygda der borna i familien fekk meir tumleplass. Det viste seg snart at Gunnar var ein gut med uvanleg tiltak og virkelyst. Alt då han gjekk i folkeskulen, tok han brevkurs i hagedyrking og prøvde ut dei teoretiske kunnskapane på jordlappen dei hadde ved bustaden. Han laga drivbenkar der han dyrka fram blomster og kålplanter. Han dyrka også kål på hyttetomta dei hadde ved Andestadvatnet, og på eit jordstykke han leigde i Kagholen.Les mer...