Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2023-3

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sauland bygdekvinnelag stilte opp til forklefotografering. Mange av forkleda som er omtala i artikkelen ser vi her. Modellane er frå venstre: Aslaug Mosebø, Bjørg Aamaas, Elsa Slaattun, Liv Tinnes Mork og Ragnhild Bekkhus.
Foto: Leif Skoje / Hjartdal historielag

Forkledas historie

Det ser ut til at forkledet har hørt med til kvinnekleda langt tilbake i tida. Få klesplagg er laga av så mange ulike materialer og fargar, og har så mange forskjellige utformingar, som forkledet. Sjølve hensikten med forkledet var at det skulle verne kleda, men er og var også bruka som pynt, f.eks. forkledet til bunadene våre.

Forkledet har vore bruka både i kvardag og fest. Hadde forkleda kunne fortalt om alt dei hadde vore med på, ville det blitt utallige historiar. Forkleda eg skriv om er del av ei samling på over 50 som eg har tatt vare på. Dei er velbruka av mor, født i 1901, av svigermor født i 1901, og av to tanter til mannen min, født i 1885 og 1889.Les mer...