Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2025-46
Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.
Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde mannen allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.
Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.
Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han å leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravne liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonsar i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom.Les mer...