Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2025-50

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nybaka peparkaker.
Foto: Olve Utne

Peparkaker (nynorsk) eller pepperkaker (bokmål; svensk pepparkakor, dansk peberkager) er ein sort tynne, sprøe kaker som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje alltid pepar. Frå tidlig på 1800-talet har peparkaker særlig vort assosiert med jula i Skandinavia (og i Noreg blir dei gjerne medrekna blant dei sju kakeslaga ein skulle ha til jul), men dei blir etne i andre samanhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga av peparkaker i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den daverande grensa mellom Noreg og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom} kong Magnus VII Eiriksson av Sverige, Noreg og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydelig at dei baka peparkaker. Les mer...