Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2026-6

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elsa Laula (trulig ca. 1900).

Elsa Laula Renberg (f. 29. november 1877 i Vilhelmina eller Susendalen, d. 22. juli 1931 i Brønnøy) var ein sørsamisk politisk aktivist. Ho er særlig kjent som forfattaren til skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena (1901) og som hovudarrangør av det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.9. februar 1917. Elsa begynte på jordmorutdaninga ved Södra barnbördshuset i Stockholm, men fullførte av ukjente grunnar aldri den utdaninga. Derimot vart ho kjent for foredraga sine i Stockholm. I 1906 gav ho ut skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena, der ho blant anna argumenterte for at samane burde ha betre tilgang til utdaning så vel som betre rettsvern — inkludert eigedomsrett til skattelanda og rett til å drive jordbruk. Ho var òg med på å grunnlegge Lapparnas Centralförbund — den første sameorganisasjonen i Sverige.Les mer...