Losje "Saaheims Fremtid"

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Saaheims Fremtid var ei losje av arbeidarfråhaldsrørsla Verdandi. Losja heldt til på Såheim (Rjukan) i Tinn kommune. Ifylgje alkoholhistorikar Per Fuglum var losja den største Verdandi-losja i landet, men han opplyser ikkje kor mange medlemar ho hadde. Losja hadde sosialdemokratiske verdiar, og saman med «Saaheim Social-Demokratiske Forening» (stifta i februar 1911) og «Saaheim Social-Demokratiske Kvindeforening» (stifta våren 1911) var ho med på å stifte Tinn og Rjukan Arbeiderparti i 1912.[1]

Saaheim Fremtid sitt organ heitte Fjellklang. Her nytta ein dei to mottoa «Frihet, Likhet, Brorskap» og «Afhold. Oplysning. Menneskeverd».[2]

Arkiv

Arkivet etter Saaheims Fremtid er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Sjå oppføringarkivportalen.

Referansar

  1. Dahl, 1986, s. 3-4 (Partiet heitte frå stiftinga i 1912 "Saaheim Arbeiderparti". I 1916 skifta det namn til "Rjukan Arbeiderparti". I 1966 vart det heitande "Tinn og Rjukan Arbeiderparti".
  2. NIA1046: Fjellklang, Nr. 11, 6. årg.

Kjelder

  • Dahl, Helge, Frihet Likhet Brorskap, Tinn og Rjukan Arbeiderparti 75 år, 1912-1987, Rjukan, 1986
  • Fuglum, Per, Et onde avskaffer man!, Arbeiderbevegelsen og alkoholen fra Marcus Thrane til forbudstiden, Trondheim, 1999
  • Privatarkiv: NIA1046: Fjellklang, Nr. 11, 6. årg.
  • Ormestøyl, Per Eriksen, "Drikkevondet: Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden frå 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark", hovudoppgåve i historie, UiO, 2014. Digital utgåve.