Lover og anordninger 1814–1876

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lover og anordninger 1814–1876 er ei avkorta nemning for ei samling lover og føresegner som ligg føre i 22 band, utgjevne i Christiania 1817–1877. Den fullstendige tittelen er Love, Anordninger, Kundgjørelser, aabne Breve, Resolutioner m.v., der vedkomme Kongeriget Norges Lovgivning og offentlige Bestyrelse, i tidsfølgende Orden og udtogsvis samlede og udgivne af [red.]. Verket blir også omtala som Den Vogt-Arntzenske samling etter (nokre av) redaktørane. Det finst fleire lovsamlingar for perioden, men denne er den mest omfattande.

Etter 1876 vart det uaktuelt å halde fram med utgjevinga, da Norsk Lovtidende, etablert ved lov av 1. april 1876, byrja å komme ut som offisielt kunngjeringsorgan for lover, offentlege føresegner og vedtekter m.m.

På Nettbiblioteket