Luraasbutikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Luraasbutikken i 2011.
Foto: H.P. Hosar

Luraasbutikken var ein landhandel som var i verksemd i Luråsgrende i Tinn frå 1926 til 1979.

Oppstarten

Det var Torstein H. Luraas som stod for oppstarten av landhandelen, og han hadde da tidlegare drive med handel på fleire stader og i mange år. Kanskje var han og litt arveleg belasta ettersom far hans hadde drive med skreppehandel bl.a i Sverige. Torstein hadde gått på Treiders handelskole i Oslo og hadde hatt jobb som handelsbetjent i ein forretning der. Han gifta seg med Gunhild Miland i 1902 og kjøpte garden Lurås søndre. Han var med på å starte opp Miland Handelslag, som nemnt involvera i butikkdrift på Dale og som styrar av Østbygdens Forbruksforening.

Landhandelen her starta med bygging av hus på nedre Lurås i 1925 og med opning av handelen i 1926. Huset låg litt opp frå bygdevegen og med ei nokså bratt trapp inn til eit lite handelslokale i ein del av 1.etasjen. Det var ikkje lenge før arbeidet med ny tomt på andre sida av og i plan med vegen tok til, og eit litt større handelslokale vart opna i 1931. Dette vart opphavleg bygd utan kjellar og denne vart grave ut seinare av Halvor T. Luraas og Anfinn Midtbøen.

Neste generasjon tek over

Sonen Halvor T. Luraas kom med i drifta som ”diskenspringar” i 1928 og han var da 17 år gamal. Han dreiv og som omreisande ljå- og knivbladseljar i frå 1932-33, og kom med som deleigar frå 1935-36. I dei vanskelege 30-åra vart forretninga omgjort til aksjeselskap med namnet T. Luraas AS. Halvor tok handelsskole i Kristiansand i 1939, og frå 1940 og framover tok han etterkvart over meir og meir av drifta. Aksjeselskapet vart oppløyst, og handel held fram under namnet H.T.Luraas Landhandel.

Det opphavlege lokalet vart utvida med eit lager for mjøl og vareinntak, og opp gjennom tida kom det nye innretningar som kjølerom, kjøle/frysedisk og felles fryseri for butikk og kundar. I tillegg var det eit bygg som vart kalla ”knotthuset” fordi det blei produsera knott der under krigen som drivstoff til kjøretøy. Seinare vart dette bygget bruka til garasje og eit lite lager for byggvarer, før det vart bygd vidare ut av Bjørn Olav Olesrud til verkstad for Luraas Smie og Verkstad.

God gammaldags landhandel

Butikken vart heile tida drive som ein tradisjonell landhandel med handel over disk og utan sjølvbetjening. Da butikken på Steinsland vart nedlagt i 1943 overtok Luraasbutikken tobakkskvota som da var svært populær og likeins handel med stoff til bunader og tilhøyrande klede. Vareutvalet var breitt, men gjekk lenge i ”laus vekt” der kundane sjølve kunne bestemma mengda som så vart voge opp eller pakka inn på staden. Varer som egg og mjølk vart i mange år levera frå lokale produsentar, der mjølkespann vart henta direkte på varebussen om morgonen og ikkje tok vegen om meieriet på Rjukan. Spann til å henta mjølka i måtte kundane ha med seg sjølve. Mattilsynet hadde ikkje så strenge reglar i den tida.

I 1951 fekk Halvor kjøpt seg varebil, og etterkvart vart det meir og meir vanleg å køyra varer ut til kundane. Det vart lagt opp faste ruter eit par gonger i veka, og så kunne folk ringa og bestille varer og få dei tilkøyrt. Tidlegare hadde dei mått møtt opp sjølve for å handla, og mange likeins for å henta post og aviser som vart lagt inn på butikken. Varekøyringa var nok slik sett med på å redusera den sosiale funksjonen som landhandelen skapte som møtestad for folk og som var viktig for mange. På andre sida kan ein og seia at det var eit visst sosialarbeid knytt til det å køyra varer heim til folk som hadde vanskar med å koma til butikken.

Avviklinga

Halvor T. Luraas dreiv landhandelen fram til pensjonsalder i 1977, da forretninga blei seld til Jon Olesrud. Han heldt fram med drifta som landhandel til 1979 da denne vart avvikla. Seinare har sonen Bjørn Olav Olesrud tatt bygget i bruk og drive handel med ulike reiskapar m.m.

Kjelder og litteratur