Målstove

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Målstue»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei målstove var i norrøn tid og i mellomalderen ein sal som vart nytta til samtaler. Slike salar nemnast i sagalitteraturen, mellom anna i samband med drapet på Einar Tambarskjelve, då Harald Hardråde fekk Einar inn i målstova si og hogg ned både han og sonen Eindride Einarsson. Det var vanleg at både verdslege og geistlege stormenn hadde målstove.

I nyare tid har omgrepet vore nytta om møtesalar og liknande, mellom anna om salen «Målstova» på Nasjonalbiblioteket.

Litteratur og kjelder