M/S Midthordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
M/S Midthordland var ein populær rutebåt i Sunnhordland i åra etter krigen og fram til 1970-talet, då bilferjene tok over.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

M/S Midthordland gjekk i ordinær trafikk som rutebåt i Bjørnafjorden og til Tysnes frå 1947 til 1962. Båten vart bygd på Stord verft som byggenummer 2, og vart sjøsett i mars 1947. Båten vart kalla opp etter det første skipet til Det Midthordlandske Dampskipselskap.

Ein populær rutebåt

M/S Midthordland var av sjøbusstypen, den første av etterkrigsgenerasjonens fjordabåtar. Båten var ein del av eit unikt samferdslesystem som i meir enn hundre år bandt Vestlandet saman. Frå 1947 gjekk M/S Midthordland i rute på Bjørnefjorden, og på Tysnes hadde båten fleire stoppestader - på Reksteren, i Våge, på Godøy og i Lunde. Det var meininga at den nye M/S Midthordland skulle effektivisera sjøferdsla, med lyse, fine salongar og etter måten høg fart. Men båten hadde framleis både lasterom og krøtterstall, nett slik som før i tida. M/S Midthordland vart raskt ein populær rutebåt og på mange vis litt av ein kulturinstitusjon. Ei reise med rutebåten var ei hending i seg sjølv - anten ein løyste verdsproblem kring kaffikoppen i salongen, eller ein spurde etter siste nytt på kaia eller i landhandelen.

I 1962 vart M/S Midthordland teke over av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Det nye reiarlaget sette sine fargar på skrog og skorstein. Knapt noko anna kommunikasjonsmiddel har kunne måla seg med M/S Midthordland når det galdt å knyta band mellom Midthordlandsbygdene. Men etter kvart overtok bilferja i Våge, og då vegen til Sundvor i Fusa stod ferdig i 1970 vart båten teken ut or drift.

Etter 1970: Ei rekkje eigarar

Frå 1970 og fram til heimkjøpet i 1994 førte M/S Midthordland eit mangslunge tilvere. I 1971 vart båten seld til Gøteborg og omdøypt til "Midland", med tanke på rutetrafikk mellom Sverige og Danmark, men gjekk i staden turar i skjærgarden i Bohuslen. Så vart båten seld via Oslo til England, inntil den i 1987 vart nytta til charterturar under namnet "Sunrise II".

Restaurering

Etter heimkjøpet av båten i 1994 har ein hatt til føremål å restaurera M/S Midthordland attende til sin opphavlege stand. Det er ikkje få dugnadstimar og ikkje reint lite arbeid som har vore gjort desse siste åra, utført av entusiastiske sjeler. Mykje pengar har også blitt lagt ned i båten, som i år vil verta endå meir tilbakeført til originalen, med m.a. nye mastrar og tru kopiar av dei gamle rederimerka på skorsteinen. M/S Midthordland vert leigd ut til ymse arrangement i sommarhalvåret, men er også ledig for charterturar. Båten tek 190 passasjerar. M/S Midthordland er den einaste båten bygd etter krigen som er godkjend som verneverdig av Riksantikvaren.

Kjelder og litteratur

  • Bård Kolltveit: Over fjord og fjell. HSD 1880-1980. Utg. Hardanger Sunnhordlandske dampskipsselskap, 1980.
  • Dag Bakka jr.: Fjordabåten. Seagull, 1994.
  • Tidsskriftet Skipet nr 2, 1981. Tekniske opplysningar ved Per Alsaker
  • Nettsida www.midthordlandske.no