MB «Arne Longva»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.

MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.

Byggemåten ved Vik vert stort sett det same på alle båtar som har om lag lik størrelse. Den delen av omtalen er difor lagt til eit avsnitt under L/L Vik Båtbyggeri. I fortsettelsen på den delen ligg ei båtlista for Vik med namn på bygde og reparerte båtar ved båtbyggeriet. Lista er ikkje fullstendig endå.

Motorar

  • 1955 ein ny 100hk. Volda
  • 1972 Caterpillar …245 Hk
  • 1986 Caterpillar …325 Hk

Eigarar

  • Ny båt i 1955 til Leiv Longva.

Han brukte sildegarn om vinteren og elles snurrevad. Var også hjelpar for snurparane. Båten vart ikkje endra i den perioden Leiv hadde han. Les også artikkelen om Skårunge på Storsildfiske i 1951.

  • 1963 vart MB «Arne Longva» seld til Erling og Jan Valkvæ på Godøya, Giske kommune. Båten fekk då namnet «Straumingen» og fiskerinummer M-12-G.

Dei brukte båten til banklinefiske på Tampen og ved Shetland. Om vinteren brukte dei torskegarn på Mørekysten. I deira eigartid vart det ikkje gjort endringar på båten.

  • 1969 er eigaren Arnt Hansen frå Nusfjord i Lofoten. Fiskerinr. er N-89-F og namnet er framleis «Straumingen». I Skreisesongen var det drifta med snurrevad og garn eller juksa etter torsk. Linefiske på heile Finnmarkskysten etter torsk og hyse.

Det vart i ein sesong prøvt med drivgarn etter laks ved Svalbard. Lenkjene var på om lag 20 garn på ei bøye. Dei drifta då med opptil fire setningar. Når det vart forbod mot drivgarn etter laks, gjekk dei over til line. Lakselinene vart egna etter kvart dei sette. Det er stor avstand mellom kvar krok, og dei gjekk ut lina med rundt 6 knop. Det var mellom 2 og 2,5 tusen krok på lina. Til denne drifta var det vanleg med fire mann. Med begge desse driftsformene vart turane på rundt 14 dagar, og då kunne det verte knapt med bunkers. Difor brukte dei motorkrafta med forsiktigheit. Når båten var ny var det seks køyer i lugaren og fire i kahytta. Hansen reiv ut innreiinga i kahytta og bygde opp att med to køyer, han fekk då plass til meir skap. I lugaren tok han vekk ei køy, og flytta også omnen ut til sida. Den var opprinneleg bak leideren. Lukekarmen vart og skifta. I kuling slingra båten meir enn Hansen sette pris på, og han fekk difor bygd slingrekjølar i stål på båten. Når det vart verkeleg dårleg ver stødde han seg på vinden og var rolegare, fortel Hansen. Han endra også ein del på barlasten. Hansen er den av eigarane som har hatt båten lengst. Siste åra hadde han partsreiarlag saman med sonen Torstein Hansen.

  • 1994 heiter eigaren Torstein Hansen. Båten var då registrert i Hammerfest med F-31-H. Han drifta med snurrevad heile året.
  • 2005 Jøa kystlag.
Sitat M/K Straumingen Jøa Kystlag.

Er en frivillig kulturvernorganisasjon som har som formål å ta vare på vår kystkultur og historie. Vår hovedparole er vern gjennom bruk. Vi har vel 75 medlemmer. Fartøyet Straumingen er vår hovedaktivitet. Jøa Kystlag er lokallag i Forbundet Kysten. Kysten har over hundre kystlag og ca. 9.000 medlemmer.

Straumingen blir brukt som en aktiv kulturformidler. Følgende bruksområder nevnes:

  • Turer med medlemmer
  • Undervisning og kurs
  • Formidling av Olav Duuns diktning og landskap.
  • Deltakelse på kulturarrangement langs kysten
  • Utleie av fartøyet

Driften av båten skjer ved frivillig innsats. Riksantikvaren har gitt Straumingen status som verneverdig skip.

Sitat

Eksterne lenkjer

På desse lenkjene til Jøa kystlag er der informasjon og bilder. Sidene vert oppdaterte og har også lenkjer til andre sider og aktivitetar.

Bilder

Utval av bilder er lite, og serleg manglar det bilder av detaljar. Her er teke med det ein finn, som kan vera til hjelp for å illustrera noko av byggeprosessen. Truleg finst det bilder av båten hos ein eller fleire av dei tidlegare eigarane.

Kjelder