MB «Nybør»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.

Sjå også båtlista for Vik.

Bruk

Fyrste åra var båten brukt til snurrevad etter torsk og hyse. Om vinteren var det sildegarn. Båten hadde då ein 2 sylindra 100 hk «Finnøy»motor. I 1957 til 1961-62 var det skovletrål på Finnmarkskysten. Det var også grunnen til at det i 1957 vart innsett større motor. Etter at dei slutta trålinga på Finnmarka, vart det på nytt snurrevad ut frå heimehamna. Les også artikkelen om Skårunge på Storsildfiske i 1951

Motorar

«NYBØR» fekk innsette ein 100 hk Finnøy-motor frå ny av, i motsettning til «ARNE LONGVA» som sette inn Volda motor, -dette grunna slektskap til Finnøya. Motoren hadde typebenemninga "2JAR" og listeprisen på ein slik motor ved årskiftet 1957-58 var 48.800,-kr. Motoren havarerte under tråling på Finnmarkskysten i 1956-57. Dei hengte opp det havarete stempelet og "hinka" seg heim frå Finnmarka på ein sylinder. Ny og kraftigare motor innsett i 1957, -også no ein Finnøy-motor, men på 130 hk, typebenemninga på denne motoren var "2HAR". Listepris på motoren ved årskiftet 1957-58 var 68.800,-kr.

1979 inn ein 400 hk Cummings type VTA28 (V12 på 28 liter), motoren var frå 1976.

Våren 1992 ny Volvo Penta 385 hk, type TAMD 122A (rekke 6 på 12 liter).

Avvik

I fiskeriregisteret for 1958 står lengda med 56.5 n. fot. I registeret for 1980 står 18,3 m, det er same lengde som systerbåten «Arne Longva». Begge dei båtane var bygde på same modellane. 18,3 m er 58,3 norske fot, og 60,0 engelske fot. Reknar med at 18,3 m er den rette lengda. 56,5 norske fot er lengda mellom forstamn og roraksling, vert kalla «kjenningslengd».

Seinare eigarar

  • 1976 Per-Einar Flem, Longva. merka M-24-H. Før han kjøpte båten fekk han skipskontrollen til å undersøkja skroget. Dei sa at materialen var så frisk som om han kom rett frå skogen, Flem brukte båten til snurrevad, og garn etter torsk, sei og lange. I 1979 sette han inn ein 400 hk Cummings type VTA28 (V12 på 28 liter) motoren var frå 1976 og tilkobla ein Finnøy 3-vinget propell.Ny Lysmotor monter same året, ein Bukh type DV10 10hk. Brattvåg totromla trålvinsj montert. Skifta til ein nyare radar, VHF og decca navigasjonssystem.
  • Solgt til Stig Oskar Nilsen, Rolfsnes på Bømlo, 9. januar 1983, tildelt merkenummer H-1-B. Rigga om frå sidetrål til hekktråler våren 1983. Hovusakleg brukt til reketråling på Varangerfjorden og i Nordsjøen. Den 30. august 1983 blei «NYBØR» bora av ein Sovjetisk vaktbåt under dramatiske omstendigheter ved grensa til Sovjet. Som resultat av samanstøtet frekk «NYBØR» 11 rekkestøtter knekt på styrbord side, men greidde å komme seg til Vadsø for egen maskin. Lugaren riven forut, omgjort til laste/kasserom kring 1985. Nytt overbygg i aluminum ved Johs. Mæhle Mek. Verksted i Espevær vinteren 1986-87. Deler av bestikk og aktermasta kom frå «NIVEA». Bysse omgjort til skipperlugar og messe og bysse flytta til egnerhuset i babord side. Toalett og dusj i styrbord side av caising. Lugaren i kahytt beholt som original. Mobiltelefon installert i 1986. Ny formast montert samstundes, denne kom frå «FREIDIG» I. I 1991 ble det montert trålbakk ved Andersen & Stokken Skipsbyggeri, Dåfjorden. Trålbakken kom frå fraktebåten «LASOL». Ankerklyssa blendet kring 1988. Rigga til med krepsetrål hausten 1991 og trålte kreps sør i Nordsjøen seint om haustane, leverte i Hanstholm. Nye høytrykks trålvinsjer. Nokre sesonger på lofotfiske. Cummings motoren vart tatt i land ved Halleraker Mek. Verskted, Mælandsvågen. Montert ein ny Volvo Penta 385 hk, type TAMD 122A (rekke 6 på 12 liter), ved Wärtsilä Wichmann Diesel A/S,Rubbestadneset våren 1992. Beholt Finnøypropellen.
  • Solgt til P/R Mågøy ANS, Kurt Rong m.fl, Fedje, august 1993. Omdøypt «FEIEBJØRN», merka H-1-FE. Brukt som tråler, frå Nordnorge og til aust i Skagerak. Forliste 26.april 1997 etter kraftig brann i maskinrommet. Heile overbyggningen var overtent då danskeferja «STENA SAGA» kom til unnsettning, og prøvde å sløkkje, men fylte båten til den sokk. Mannskapet på to, var då kommt seg i flåten og vart plukka opp av «STENA SAGA». «Nybør» vart sletta i registert 17.08.1998.

Bilder

Her er bilder av vekslande kvalitet, men det er betre med eit litt svakt bilde enn ingen bilder.


Eit utspanta skrog. Uvist kvafor ein båt, men viser korleis det ser ut før huda er på.
Her går «Nybør» i moderat fart med alle vimplar oppe. Bildet er truleg teke frå kaia på Volda Mekaniske Verkstad og ein ser styrbord side.
Alle vimplar oppe når «Nybør» her går forbi og viser fram babord side. Båten hadde egnarhus berre på babord. Bildet er truleg teke frå kaia på Volda Mekaniske Verkstad.

Kjelder