Magnus Svarthumle (butikk i Eikefjord)
(Omdirigert fra «Magnus Svarthumle, Storebru»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Magnus Svarthumle var ein butikk i Eikefjord i noverande Kinn kommune.
Magnus Svarthumle hadde handelskule i Bergen og starta landhandel på Storebru, like ved riksvegen og vegen til Endestad i slutten av 1938. Han selde kolonialvarer, koppar og kar, fint steintøy og sko. Han hadde også ølutsalg med stor omsetnad både til Naustdal og Førde, som ikkje hadde sal av øl over disk så tidleg som i dåverande Flora kommune.
Svarthumle hadde også tønnefabrikk og dreiv med griseavl. Han sette også i gang med campingplass litt lengre oppe ved vegen til Endestad. Firda Folkeblad kunne 3. juli 1980 melde at hyttene var på plass.[1]
Sjå også
Referansar
- ↑ Firda Folkeblad, torsdag 3. juli 1980: Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Utg. Det norske næringslivs forl. Bergen. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Opplysningar frå Bjørg Liseth.
- Firdaposten, arkiv