Maria Parr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Maria Parr (fødd 18. januar 1991 i Fiskå i Vanylven) er lektor og barnebokforfattar. Ho har vunne ei rekke priser for bøkene sine, som er oversett til fleire språk.

Etter vidaregåande skule i Ulstein studerte ho ved Universitetet i Bergen, der ho avla mastergraden i nordisk i 2008 med barn og lesing som tema. Etter å ha teke praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Volda i 2010 vart ho lektor i vidaregåande skule.

Som forfattar debuterte ho med Vaffelhjarte i 2005. Boka om niåringane Trille og Lena i den fiktive bygda Knert-Mathilde på Sunnmøre vart ein stor suksess. Ho vart nominert til Brageprisen og vann Nynorsk barnelitteraturpris. i 2011 laga NRK fjernsynsserien Vaffelhjarte ut frå boka. Neste bok var Tonje Glimmerdal frå 2009, om niåringen Tonje frå den fiktive dalen Glimmerdalen. For denne vann ho Brageprisen i 2009, og same året fekk ho Ole Vig-prisen for Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Ho fekk òg fleire andre prisar for Tonje Glimmerdal. Den tredje boka kom i 2017. Keeperen og havet er ei fortsetjing av historia om Trille og Lena frå Vaffelhjarte. Denne boka fekk ho Brageprisen for i 2017, og ho vart dermed ein av særs få som har vunne denne prisen to gonger. I 2013 sette Det Norske Teatret opp Tonje Glimmerdal, og i 2014 sette Den Nationale Scene opp Vaffelhjarte.

Litteratur