Marit Skreabakken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Marit Skreabakken (fødd 19. oktober 1888, død 2. februar 1977) vaks opp på husmannsplassen Skreabakken i Lesja, som dotter av Torstein og Aase Skreabakken. Seinare var ho heime og stelte for foreldre, og i 1938 fekk ho kjøpt plassen til sjølveige. Ho dreiv med dyr til på 1960-talet, men flytta frå Skreabakken i 1970-åra. Marit Skreabakken gav ut ei diktsamling og bidrog dessutan som lokalhistorisk forfattar i heimbygda.
Bibliografi
- Tankar ved kvardagsvegen, Lunde 1969 (dikt). Digital versjon på Nettbiblioteket.
Bidrag i
- Lesja kyrkje 1750-2000, Lesja 1999.
- Årsskrift for Lesja historielag, 1998.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 239704)
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja. 3 : Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn, Lesja 1996. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 251.
- Marit Skreabakken i folketeljinga 1910 for Lesja herred frå Digitalarkivet
Eksterne lenkjer
Marit Skreabakken er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |