Matrikkelgardar i Audnedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Matrikkelgardar i Audnedal kommune er ei oversikt over matrikkelgardane i Audnedal kommune i Vest-Agder.

Lista er i først omgang basert på matrikkelen 1886 og matrikkelutkastet av 1950. I desse kjeldene var det ikkje noko som heitte Audnedal kommune. Vi har difor tatt med informasjon om kva for kommune gardane tilhøyrde før opprettinga av Audnedal i 1964: Konsmo, Grindheim eller Bjelland. Gardsnummeret frå den tidlegare kommunen er òg med; for Konsmo sin del er det same nummer. Gnr. 1 frå Grindheim vart nr. 49 i den nye kommunen, og så følgjer resten same rekkefølgje. Gardane i Bjelland følgjer ikkje den gamle rekkefølgja.

Talet på bruksnummer i dei to matrikkelåra er med. For 1886-matrikkelen sin del er dette i stor grad samanfallande med talet på faktiske gardsbruk, medan husmannsplassar enno ikkje var matrikulerte. Auka fram til 1950 er i stor grad desse plassane som vert matrikulert som småbruk, og utskilde bustadseigedomar. Talet fortel såleis ikkje alltid så mykje om oppdeling av garden – mange av dei nye bruka var der allereie i 1886, men utan eige bruksnummer – men ein kan mellom anna ofte sjå kor det vart skild ut mange bustadseigedomar.

Gardsnamna er ført opp etter 1950-utkastet, og kan avvike frå dagens namn. Dette vert retta etter kvart som artiklar om dei einskilde gardane kjem på plass. Alle lenkjer går til artikkel om heile matrikkelgarden, og frå denne vil det kome lenkjer til artikler om einskilde bruk.

Gnr. Navn Bruk 1886 Bruk 1950 Tidl. kommune og gnr.
1 Iveland 8 12 Konsmo 1
2 Røinesdal 1 4 Konsmo 2
3 Gunleifstøl 2 2 Konsmo 3
4 Hellestøl 1 1 Konsmo 4
5 Hellevand 3 3 Konsmo 5
6 Undeland 3 3 Konsmo 6
7 Øvre Eikeland 3 4 Konsmo 7
8 Koveland 3 4 Konsmo 8
9 Åbestad 4 6 Konsmo 9
10 Røiseland 2 2 Konsmo 10
11 Skofteland 2 2 Konsmo 11
12 Barstad 4 4 Konsmo 12
13 Nepstad 13 15 Konsmo 13
14 Østre Eikebø 3 3 Konsmo 14
15 Augland 1 1 Konsmo 15
16 Vestre Hægeland 7 10 Konsmo 16
17 Vrålstad 8 12 Konsmo 17
18 Åsan 1 2 Konsmo 18
19 Risdal 1 1 Konsmo 19
20 Vestre Eikebø 1 1 Konsmo 20
21 Brastad 9 10 Konsmo 21
22 Ytre Eikeland 4 4 Konsmo 22
23 Indre Skår 3 4 Konsmo 23
24 Ytre Skår 4 3 Konsmo 24
25 Geislefoss 8 10 Konsmo 25
26 Vivlemo 20 39 Konsmo 26
27 Skarpe-Seland 3 9 Konsmo 27
28 Konsmo 23 63 Konsmo 28
29 Helle 21 90 Konsmo 29
30 Øydnesklev 2 23 Konsmo 30
31 Langneset 1 1 Konsmo 31
32 Valand 5 9 Konsmo 32
33 Røisen 1 3 Konsmo 33
34 Strisland 4 7 Konsmo 34
35 Kvelland 2 3 Konsmo 35
36 Bigkjøn 1 2 Konsmo 36
37 Hunsdal 3 8 Konsmo 37
38 Espeland 6 10 Konsmo 38
39 Skarstad 4 7 Konsmo 39
40 Høiland 10 14 Konsmo 40
41 Birkeland 11 16 Konsmo 41
42 Havre-Seland 2 3 Konsmo 42
43 Fidland 3 6 Konsmo 43
44 Stavedalen 4 6 Konsmo 44
45 Håland 3 4 Konsmo 45
46 Listad 5 5 Konsmo 46
47 Bymyrdalen 1 1 Konsmo 47
48 Mandal reguleringsrett - 1 Konsmo 48
49 Høiland 9 11 Grindheim 1
50 Ytre Øidne 10 16 Grindheim 2
51 Øvre Øidne 23 41 Grindheim 3
52 Ås 5 18 Grindheim 4
53 Løland 2 2 Grindheim 5
54 Skåt 1 3 Grindheim 6
55 Reppåsen 2 5 Grindheim 7
56 Botnan 2 3 Grindheim 8
57 Vårdal 8 14 Grindheim 9
58 Byremo 9 26 Grindheim 10
59 Hårtveit 6 20 Grindheim 11
60 Øiheien 4 4 Grindheim 12
61 Refnes 5 5 Grindheim 13
62 Ytre Grindheim 5 7 Grindheim 14
63 Øvre Grindheim 5 12 Grindheim 15
64 Skår 1 1 Grindheim 16
65 Vasbotnen 3 4 Grindheim 17
66 Bronnesdal 2 3 Grindheim 18
67 Nedre Flottorp 4 4 Grindheim 19
68 Øvre Flottorp 11 14 Grindheim 20
69 Håland 11 14 Grindheim 21
70 Vestre Sveindal 4 15 Grindheim 22
71 Østre Sveindal 8 16 Grindheim 23
72 Butveit 6 8 Grindheim 24
73 Kollungtveit 2 7 Grindheim 25
74 Smedsland 7 9 Grindheim 26
75 Seland 11 15 Grindheim 27
76 Leland 4 7 Grindheim 28
77 Utbostad 6 9 Grindheim 29
78 Øvre Ågedal 10 11 Grindheim 30
79 Rudlend 1 1 Grindheim 31
80 Dalan 1 2 Grindheim 32
81 Øvre Åsen 1 2 Grindheim 33
82 Vestre Åsen 2 2 Grindheim 34
83 Nåstad 2 3 Bjelland 38
84 Midbø 2 3 Bjelland 39
85 Kisland 1 2 Bjelland 40
86 Solbjør 5 6 Bjelland 41
87 Ytre Ågedal 19 35 Bjelland 35
88 Ågedalstranden 5 9 Bjelland 36
89 Lindland 1 9 Bjelland 37
90 Langåsen 1 1 Bjelland 42
91 Rosseland 7 15 Bjelland 43

Litteratur og kjelder