Midjord (Sandnes gnr. 110/19)
Midjord | |
---|---|
Stad: | Hommersåk |
Fylke: | Rogaland |
Kommune: | Sandnes |
Gnr.: | 110 |
Bnr: | 19 |
Type: | gardsbruk |
Adresse: | Likaiveien 100 |
Midjord (Sandnes gnr. 110/18) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/19.
Brukarar
87. Gustine Dorga/Berge,
f. 1879, d. 1970.
Dotter til Ola Persen Kyllingstad, bonde på Hogstad (Hogstad-52).
Gustine hadde vore gift med Ellef Dorga som dreiv gjestgiveri, mens ho hadde landhandel (nr 80). Dei hadde og hatt eit gardsbruk på Hogstad, men det selde ho til broren sin etter at mannen hennar døydde (Hogstad- 141). Sidan budde ho her på dette litle stykket på Li og dreiv landhandel.
G.m. 1) 1904 enkjemann Ellef E. Dorga, f. 1846, d.1918, son til Eilev Eilevsen Dorga i Sirdalen (sjå Sirdal g.o.æ bd I, s 370). Sml nr 80. 2) 1918/19 Johannes Berge, f. 1894, d. 1955, son til Endre O. Berge, Stavanger, (sml Forsandboka bd 11, s 235). Han kom til Li for å arbeida i sandtaket.
Barn, i fyrste ekteskap:
- Ingeborg Gustine Elfrida Dorga, f. 1914, g.m. Tore Øglænd, fabrikkarbeidar, busett på Sandnes i andre ekteskap:
- Endre Olaus Berge, f. 1919, fortsatte med landhandelen som mora hadde drive før, han dreiv også bakeri. Endre kjøpte naboeigedom men også, den som mora og den fyrste mannen hadde seld i 1917 (nr 83). G.m. 1917 Ragnhild Endreberg
- Ole Pernilius Berge, f. 1921, gullsmed, had de forretning på Sandnes, budde på Austrått, g.m. Gudrun Sviland.
Litteratur og kilder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 571-572 i Digitalarkivet