Mikrohistorie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikrohistorie kan handle om avgrensa grupper eller hendingar.

Mikrohistorie er nemninga på noko som helst blir kalla ei tilnærming til historisk forsking. Den Store Danske Encyklopædi bd 13 (utg. 1999) har denne definisjonen av fagfeltet: «form for historieforskning, der forsøger at tage udgangpunkt i meget små enheder så som tilsyneladende betydningsløse enkeltindivider, institutioner, byer eller landsbyer for derigjennom at afdække historiske mønstre og processer af mere omfattende rækkevidde».[1]

Framvekst

Framveksten av denne tilnærminga til historiefaget har vore rekna som ein del av den utviklinga som både nasjonalt og internasjonalt har gått under nemninga «frå sosialhistorie til (nyare) kulturhistorie», jf. tittelen på Ingar Kaldal si bok frå 2002. Sosialhistoria voks fram frå 1950-talet i opposisjon til det historiefaget som den gong dominerte, med vekt på politisk og hendingsorientert nasjonalstatshistorie. Med sosialhistoria kom etter kvart som faget utvikla seg nye perspektiv inn: historie «nedanfrå», historia til forsømte grupper, levekår, samfunnshistorie som totalitet og store teoriar som skulle årsaksforklare det temaet ein studerte. Temaet kunne t.d. innpassast i t.d. «klassekampen, industrialiseringa, urbaniseringa eller moderniseringa».[2] Denne sosialhistoria var i stor grad også ei «strukturhistorie», som «fokuserte på kollektivfenomen, massehandling, overindividuelle prosesser og forholdsvis varige tilstander».[3]

Førebilda for denne sosialhistoria kan nok i betydeleg rad seiast å ha vore natur- og samfunnsvitskapar, særleg fag som økonomi og demografi, altså med søking etter sikrare og sikrare («objektive») årsaksforklaringar. Den kjente franske Annales-historikaren Emmanuel Le Roy Ladurie uttalte i 1973 at «historie som ikkje er kvantifiserbar kan ikkje reknast som vitskapleg».[4] Kvantifiseringa gjekk både på økonomiske og sosiale variablar, og voks seg sterkare parallelt med utviklinga av datateknologien utover 1960- og 70-åra, særleg i USA og Frankrike.[5]

I 1970-åra voks det i fleire land fram motførestillingar mot denne forma for historieforsking og -skriving. Det var kanskje innan ein nabodisiplin, sosialantropologien, dei nye trendane viste seg først. Dette faget hadde i perioden frå 1920- fram mot 1960-talet gjennomgått ei utvikling mot ein «naturvitskap om samfunn» som var nærast antihistorisk. Kravet om meir historisk djupne reiste seg gradvis blant yngre forskarar; fagområdet historisk antropologi voks fram (Christiansen 2000: 122f., jfr òg Kjeldstadli 1989). Både innafor sosialantropologien og den historiske varianten voks elles kritikken av det etnosentriske grunnsynet faget hadde vore prega av: synet på visse samfunn som meir «primitive» enn andre.

I Tyskland utvikla opposisjonen mot den upersonlege, kvantifiserande sosialhistoria først på 1980-talet seg til det som på norsk har vore kalla «kvardagshistorie» (Alltagsgeschichte). Denne tilnærminga kan delast i ein del som i alle fall til ein viss grad fell inn under mikrohistorieomgrepet slik det er nytta her, og ein del som kanskje i større grad liknar norsk fagleg lokalhistorieskriving. Det kan sjå ut til at den akademiske delen av retninga fekk etter måten raskt ein sterkare posisjon i det nasjonale tyske fagmiljøet enn det den tilsvarande rørsla i USA og England fekk.[6]

Det ser likevel ut til at det var i Italia frå kring 1970 at fagområdet mikrohistorie slik det blir forstått internasjonalt voks fram, i større grad (enn i Tyskland) knytt til nokre få italienske enkelthistorikarar, med Carlo Ginzburg som den mest sentrale. Desse var i utgangspunktet marxistisk orienterte, men mista etter kvart tiltrua til den makrohistoriske teorien om økonomisk vokster som både marxistar og ikkje-marxistar hadde felles.[7] Dei utvikla eit nytt sosialhistorisk konsept basert på tolking og forteljing i liten skala.[8]

Også den språklege vendinga i historiefaget og forteljinga sin plass i faget inngår i forståinga av denne tilnærminga.

Boka Carlo Ginzburg skreiv i 1976 (på svensk 1983) om ein italiensk møller på 1500-talet og dei ideane han hadde om korleis verda hang saman, var i 1999 omsett til 13 språk.[9] Italiensk mikrohistorie har generelt hatt fokus på enkeltaktørar i historia.

Den tyske mikrohistorievarianten er meir inspirert av antropologiske samfunnsstudiar (community studies); ein grundig gjennomgang av heile (små) lokalsamfunn over til dels lange tidsrom heller enn enkeltaktørar, og er sterkt prega av fagomgrep frå historisk antropologi. Bak det kjente arbeidet om vevarlandsbyen Laichingen (1650-1900) sto Hans Medick, ein av dei leiande tyske mikrohistorikarene.[10] Også dei tre monumentale bøkene om den vesle tyske landsbyen Neckarhausen frå 1500-talet til kring 1900 (1984, 1990 og 1998) av David Warren Sabean bør nemnast her. Men grensene er ikkje heilt geografiske; den italienske historikaren Giovanni Levi skreiv i 1985 ei bok som òg bygde på ei nitid registrering, lenking og kopling av personhistoriske kjelder som grunnlag for å analysere forhold som slektsskap og økonomi, gjensidigheit og sal og kjøp av jord, arv med meire.[11]

I Danmark har kulturforskaren Palle Ove Christiansen vidareutvikla denne antropologisk inspirerte mikrohistoria ved å kombinere notidig feltarbeid med grundige arkivstudiar slik mange norske lokalhistorikarar er fortrulege med i noko han sjølv har kalla antropologiske feltstudiar blant menneske i fortida.[12]

Nyare internasjonale trendar

På 2010-talet har feltet utvikla seg vidare. Med utgangspunkt i fagmiljø i Ungarn og på Island er det etablert eit mikrohistorienettverk og to nye bøker dedikert til feltet eller perspektivet er publisert.[13] Det er òg gjort forsøk på ein meir presist definisjon av feltet, formulert at historikaren István Szijártó ved Eötvös Loránd-universitetet i Budapest. Han meiner mikrohistorie bør vere :

  1. Ei intensiv undersøking av eit relativt presist avgrensa mindre objekt,
  2. med eit mål om å finne svar på «store historiske spørsmål», og
  3. som legg vekt på at historiske aktørar har sjølvstendig aktiv vilje til å handle.

Ein kan truleg rekne dei «store historiske spørsmåla» Szijártó vil ha belyst som tilsvarande «prosessar av meir omfattande rekkevidde» slik det er referert i innleiinga her.

Også Giovanni Levi har sterke meiningar om kva mikrohistorie eigentleg er (bør vere). Han meiner feltet i større grad er inspirert av Antonio Gramsci (hegemoni-omgrepet), E. P. Thompson (historie nedafrå), Manchesterskulen i antropologi (fokus på «case studies» og detaljert analyse av enkelttilfelle av sosial interaksjon) og innovative enkeltforskarar som Natalie Zemon Davis (som fekk Holbergprisen i 2010). I framveksten av feltet i Italia drøfta dei korleis ein kunne generalisere utan å filtrere bort individa og situasjonane, eller omvendt: korleis skildre enkeltpersonar og -hendingar utan å kategorisere dei og dermed gje slipp på ei forståing av allmenne problem. Løysinga Levi gir da å fortelje utan å tildekke reglane i spelet til historikaren.[14] Dette kan seiast å gå mot ei utsegn som skal vere etter Jens Arup Seip om å «rive stillaset»: Levi meiner ein skal rive stillaset, og ope forklare prosessen slik at måtane den konkrete forteljinga er konstruert på kjem klart fram. Ein må vise både dei spora som førte til målet og dei som ikkje gjorde det, måten spørsmåla vart formulert på og måten ein søkte etter svara på. Dette prinsippet bryt i tilfelle relativt sterkt med den oppskrifta på «historieskrivingas tre fasar» som Harald Winge i si tid gav[15] – der han meinte dette «stillaset» ville verke forstyrrande og irriterande på «den ikkje-profesjonelle lesaren». Winge var jo styrar for Norsk lokalhistorisk institutt og meinte nok i alle fall dette burde gjelde lokalhistoria.

Det seier seg sjølv, med Levi, at mikrohistoriske forteljingar i all hovudsak må bygge på analyse av primærkjelder og kjeldekritikk.

Også i Sverige er feltet i framvekst, jf. Götlind og Kåks 2014 og (svensk) Historisk Tidskrift, som hadde nr. 3 i 2017 som eige temanummer om mikrohistorie.

Mikrohistorie i Noreg

I Noreg nytta Sivert Langholm omgrepet mikrohistorie alt i 1974, i samband med ei utgreiing om «Ullensaker-undersøkelsen». Han definerte fagområdet som «historie på individnivå» og presiserte at dei forskjellige variablane (informasjonsbitar om fødsel, giftarmål, død og relasjonar) «kombineres på individnivå».[16]

Likevel vart Ullensaker-undersøkinga kritisert på line med sosialhistoria generelt for å ha vore for struktur- og kvantitativt orientert i den norske debatten om den nye kulturhistoria på 1980- og 90-talet.[17] Langholm forsvarte seg med at både han, mange prosjektmedarbeidarar og t.d. Kåre Lunden både orienterte seg i og nytta antropologiske teoriar og metodar på 1970- og 80-talet.[18] Men målet var likevel noko anna: «meir å studere dei lokale og individuelle forholda som eksempel på større strukturelle samfunnsprosessar»[19]

Det er ikkje mange norske historikarar som uttrykkjeleg har forsøkt å skrive historie innafor denne sjangeren. Sølvi Sogner har publisert mindre arbeid ho sjølv har definert som mikrohistorie i den tydinga som er nytta her.[20] Jostein Nerbøvik skreiv i 1997 eit band i serien Voldasoga: Holmgang med havet, med fyr- og merkevesenet som tema. Emnet var «ikkje noko mindre enn korleis dette landet vart tilgjengeleg sjøvegen, dag som natt, den gongen sjøvegen var den viktigaste. Det handlar om statsbygging og nasjonsutvikling i fortetta og konkret form» (s. 14). «Samtidig fell emnet inn i eit vidare nasjonalt og jamvel eit internasjonalt perspektiv» (s. 15). Det er likevel usikkert om denne boka kan kallast «strengt» mikrohistorisk - etter som ho trass alt sjølvsagt òg har eit lokalt perspektiv.[21]

Høgskulen i Volda fekk i 2007 tilslag på eit forskingsprosjekt: Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder der delprosjekt 2 hadde ei mikrohistorisk tilnærming. Fleire publikasjonar er kome ut av det, og hausten 2018 disputerte Mette Vårdal på ei mikrohistorisk avhandling for PhD-graden.

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2018 eit ope emne på mastergradsnivå i mikrohistorie. Vonleg kan det føre til at fleire koplar lokal- og mikrohistoriefelta på ein måte som kan styrke begge i Noreg.

Eksterne lenker

Referansar

  1. Sitert i Harbsmeier 1999, s. 7.
  2. Kaldal 2002: 6.
  3. Kjeldstadli 1999, s. 84 og Slettan 1996, s. 83f.
  4. Iggers 1997, s. 47.
  5. Iggers 1997, s. 44.
  6. Sjå m.a. Kaldal 1994, s. 98ff.
  7. Iggers 1997, s. 107.
  8. Christiansen 2000, s. 172f.
  9. Thing 1999, s. 7.
  10. Sjå t.d. Kjeldstadli 1989 og Gorißen 1988.
  11. Levi 1985, engelsk 1988.
  12. Christiansen 2004, s. 24f og 135.
  13. Magnússon og Szijártó 2013 og Götlund og Kåks 2014.
  14. Levi 1985.
  15. i antologien Formidling av historie, HIFO 1987 s. 36-42.
  16. Langholm 1974, s. 246.
  17. Slettan 1996, s. 83ff.
  18. Langholm 2000, s. 153ff.
  19. Kaldal 2002, s. 16.
  20. Sogner 1994, Sogner 2006.
  21. Kjelland: 245

Litteratur

  • Christiansen, Palle Ove 2000: Kulturhistorie som opposition. Træk af forskjellige fagtraditioner. Samleren, Viby.
  • Christiansen, Palle Ove 2004: Landsbyliv. Afhandlinger om livsstil og sociale relationer i landbosamfundet frå 1700-tallet til i dag. Landbohistorisk Selskab.
  • Ginzburg, Carlo 1976 (1983): Osten och maskarne. En 1500-talsmjölnares tankar om skapelsen. Italiensk original 1976, svensk utgåve Stockholm 1983.
  • Gorißen, Stefan: Anmeldelse av Hans Medicks bok «Weben und Überleben in Laichingen 1650-1900», 1998.
  • Götlund, Anna og Helena Kåks 2014: Mikrohistoria. En introduktion för uppsatsskrivande studentar. Studentlitteratur AB, Lund.
  • Harbsmeier, Michael 1999: Mikrohistorie – et plaidoyer. Den jyske Historiker nr 85: 7–19.
  • Iggers, Georg G. 1997 (2005): Historiography in the Twentieth Century. From Scientific Objectivity to the Postmodern Challenge. Wesleyan University Press. Første utgåve 1997, denne med ny epilog av forfattaren.
  • Kaldal, Ingar 1994: Alltagsgeschichte og mikrohistorie. Nr 2 Skriftserie frå Historisk institutt, Universitetet i Trondheim (NTNU).
  • Kaldal, Ingar 2002: Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie. Det Norske Samlaget.
  • Kjeldstadli, Knut 1989: Historisk antropologi. Historisk tidsskrift hefte 1: 50–65.
  • Kjeldstadli, Knut 1999: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget. 2. utgave. Universitetsforlaget.
  • Kjelland, Arnfinn 2009: Norsk lokalhistorie og «nyare» mikrohistorie. Heimen nr 3, 2009: 237-254.
  • Knutsen, Paul 2002: Analytisk narrasjon. En innføring i historiefagets vitenskapsfilosofi. Fagbokforlaget.
  • Langholm, Sivert 1974: Historie på individnivå. Omkring Ullensakerprosjektet – et mikrohistorisk eksperiment. Historisk tidsskrift 3: 243–272.
  • Langholm, Sivert 2000: Om kulturhistorie, sosialhistorie og hamskifter i historien. Holmgang. Om førmoderne samfunn. Festskrift til Kåre Lunden. Tid og Tanke 4. Skriftserie frå Historisk institutt, Universitetet i Oslo.
  • Levi, Giovanni 1985 (1988): Inheriting Power. The Story of an Exorcist. The University of Chicago press, Chicago.
  • Levi, Giovanni 2012: «Microhistory and the Recovery of Complexity». I Fellman, Susanna og Marjatta Rahikainen (red.): Historical Knowledge. In Quest of Theory, Method and Evidence. Cambridge Scholars Publishing, s. 121-132.
  • Magnússon, Sigurður Gylfi og István Szijártó 2013: What is Microhistory? Theory and practice. Routledge. London and New York.
  • Sabean, David Warren 1984: Power in the Blood: Popular Culture and Village Discourse in Early Modern Germany. Cambridge University Press.
  • Sabean, David Warren 1990: Property, production, and family in Neckarhausen, 1700–1870. Cambridge University Press.
  • Sabean, David Warren 1998: Kinship in Neckarhausen, 1700–1870. Cambridge University Press.
  • Slettan, Dagfinn 1996: Sosialhistorie etter 1970: «Fra sosialhistorie til kulturhistorie?» Historisk tidsskrift hefte 1/2: 78–116.
  • Thing, Morten 1999: Spor og tegn. Introduktion til Carlo Ginzburgs forfatterskab. Thing, Morten (red.): Spor. Om historie og historisk metode. Museum Tusculanums forlag. Københavns Universitet: 7–23.
  • Sogner, Sølvi 1994: Mikrohistorie og menneskeskjebner. De gamle tingbøkene – en «ny» og spennende kilde. Kirke og kultur nr 1: 21–31.
  • Sogner, Sølvi 2006: Magnus og Barbara. Mikrohistorie i Nordsjøregionen på 1600-tallet. Historisk tidsskrift 3: 377–401.
  • Vårdal, Mette 2018: «Ligesaavel i Vadmel som i Fløiel». Uformelle relasjoner mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå ca 1745-1844. PhD-avhandling, Universitetet i Bergen.