Milestolpe

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Milepæl»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Milestolpe i støypejarn laga på Eidsfoss Jernverk, frå kring 1820–1840. No på Norsk Folkemuseum
Foto: Olve Utne (2008).

Ein milestolpe, òg kalla milepæl eller milestein, er eit vegmerke som fortel avstanden til eit gitt punkt, gjerne til næraste større by. Opphavet til milestolpane var vegmerke langs dei romerske vegane. Ei romersk mil var på 1482 meter, som svara til 1000 pass, det vil seie dobbeltskritt. Ein måtte altså sette begge beina fram tusen gonger for å gå ei romersk mil.

Den norske mila har hatt fleire mål gjennom tida. Lenge var standarden 18 000 alen, det vil seie 11,3 kilometer. Etter at vi fekk det metriske systemet i 1870-åra vart ei mil definert som ti kilometer. Milestolper frå før 1870-åra viser derfor ikkje til ei moderne, metrisk mil, men til den eldre mila som var noko lenger.

Sjølv om milestolpane i dag er erstatta av vegskilt, er mange av dei tekne vare på som kulturminne.

Ordet har òg fått ei overført tyding, særleg i forma milepæl, som viser til ei viktig hending.

Galleri

Litteratur