Milestolpe
Ein milestolpe, òg kalla milepæl eller milestein, er eit vegmerke som fortel avstanden til eit gitt punkt, gjerne til næraste større by. Opphavet til milestolpane var vegmerke langs dei romerske vegane. Ei romersk mil var på 1482 meter, som svara til 1000 pass, det vil seie dobbeltskritt. Ein måtte altså sette begge beina fram tusen gonger for å gå ei romersk mil.
Den norske mila har hatt fleire mål gjennom tida. Lenge var standarden 18 000 alen, det vil seie 11,3 kilometer. Etter at vi fekk det metriske systemet i 1870-åra vart ei mil definert som ti kilometer. Milestolper frå før 1870-åra viser derfor ikkje til ei moderne, metrisk mil, men til den eldre mila som var noko lenger.
Sjølv om milestolpane i dag er erstatta av vegskilt, er mange av dei tekne vare på som kulturminne.
Ordet har òg fått ei overført tyding, særleg i forma milepæl, som viser til ei viktig hending.
Galleri
- Moderne milestein på pilegrimsleden, ved Furuset kirke i Oslo.Foto: Stig Rune Pedersen (2011).
- Milepel fra 1908 i Iveland herred.Foto: Siri Johannessen (2015).
- Milepel fra 1908 i Birkenes herred.Foto: Siri Johannessen (2016).
- Milestein på Follo museum.Foto: Stig Rune Pedersen (2012).