Millionvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Millionvegen i Seljord kommune går sørover frå Langlimvegen ved Ostjørn og Damstogo ved Mandal dam. Han følgjer Sundsbarmvatnets nordre bredd og ender i Gullnesvegen ved Sanden like aust for vatnets ende. Vegen er 10,7 kilometer lang og vart anlagt av Sundsbarm kraftverk på 1960-talet og overført til grunneigarane i 1973.
Vegnamnet skal kome av at vegen blei mykje dyrare enn rekna med. Konstituert maskinmeister ved kraftstasjonen, Einar Særsland, meiner sluttrekninga var nærare to enn ein million kroner, ein uhyrleg stor sum i den tida.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Veglaget for vegen Sanden-Manndal, «Millionvegen»: Høyringsuttale til revisjon av konsesjonen for Sundsbarm kraftverk i Seljord kommune. PDF 2016.
- Vest-Telemark Blad: Kva skal vegen heite? Avisartikkel frå 25. april 2005