Minnesteinen ved Stemshaug kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Minnestein ved Stemshaug kyrkje»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Minnesteinen ved Stemshaug kyrkje er reist til minne om dei to personane frå gamle Stemshaug kommune som fall i kamp under 2. verdskrigen. Steinen vart sett opp i samband med frigjeringsjubileet i 1995, og er lokalisert i nærleiken av Stemshaug kyrkje.

Kort om dei omkomne

Dei som står omtala på steinen, er:

Lars K. Lesund (1918-1940). Lesund høyrde inn under Trønderbataljonen. Han fall under kampane ved Gratangen 25. april 1940.

Hermann Aarvåg (1910-1940). Aarvåg omkom under kampar ved Kongsvinger 17. april 1940.

Kjelder og linkar

  • Div. forfattarar: Minneskrift for Aure og Stemshaug. Krigsåra 1940-1945. 1995
  • Kiplesund, Kenneth: Minnestein over falne ved Stemshaug kyrkje, Kulturminneatlas