Stemshaug kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stemshaug kyrkje
13455 Stemshaug krk.jpg
Foto: Olve Utne (2009).
Byggeår: 1908
Endringar: Oppussa innvendig 1958.
Kyrkjegard: Stemshaug kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Møre bispedøme
Prosti: Ytre Nordmøre
Prestegjeld: Aure
Fellesråd: Aure
Sokn: Stemshaug
Materiale: Tømmer
Preikestol: 1908
Døypefont: 1908
Altartavle: 1914, av Daniel Skipnes.
Sitteplassar: 300
Stemshaug kyrkje

Stemshaug kyrkje ligg i Aure kommuneNordmøre. Kyrkja vart bygd i 1908, og er ein basilika i reisverk med 300 sitjeplassar. Vestfasaden er kledd med blikkplater. Kyrkja vart pussa opp innvendig i 1958. På same tid fekk bygget utsmykkingar ved kunstmålar og organist Olav Halse.

Interiør

Døypefonten og preikestolen er frå 1908. Orgelet er frå 1966.

Altartavla vart laga av Daniel Skipnes i 1914. Hovudmotivet er eit måleri av Jesus; det er henta inspirasjon frå Matt. 11:28: "Kom til mig, alle I som strever og har tungt å bære, og jeg vil gi eder hvile!" Noko som er spesielt for denne altartavla, er at ho er dekorert med utskjæringar av kong Olav den heilage, reformatoren Martin Luther og forkynnaren Hans Nielsen Hauge.

Kyrkjegarden

På ei høgd på kyrkjegarden finn vi ein minnestein over dei to personane frå gamle Stemshaug kommune som fall under andre verdskrigen. Steinen vart reist i samband med frigjeringsjubileet i 1995.

Det er gravlagt to sovjetiske soldatar på kyrkjegarden, desse omkom under andre verdskrigen. Lika av dei vart funne i fjøresteinane i november 1942, og kroppane vart gravlagte på kyrkjegarden etter å ha vorte undersøkt. Rundt 1994 vart det også reist eit minnesmerke på grava.

Andre opplysningar

Etter folketradisjonen skal Hans N. Hauge ha vore på Stemshaug ein gong, og bl.a. bygd ein saltkjel i Hjelahamn. Men det finst ikkje belegg i historiske kjelder for dette.

Galleri


Kjelder og linkar

Koordinater: 63.3277417° N 8.6951056° Ø