Mjølk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mjølk er ei oppløysing av fett i vann med oppløyste saltar og sukker, som skilast ut frå kjertlar hos hopattedyr. Mjølka inneheld alle dei stoffar og vitaminer som er naudsynte for avkommet i den fyrste fasen av livet. Fordi mjølka er så næringsrik nyttar vi ikkje berre menneskets eigen mjølk, morsmjølka, men også mjølk frå ei rekkje andre dyr. Særleg vanleg er kumjølk, men geitemjølk og fåremjølk nyttast også. Blant samane nyttar ein også reinmjølk. I andre delar av verda nyttast mellom anna kamelmjølk og eselmjølk.

Mjølk er i Noreg ein viktig del av kosthaldet, både som næringsrik drikke og som ingrediens. Mjølka kan nyttast som han er, men også i foredla formar som til dømes ost, rømme, fløyte.

Ein skil mellom søtmjølk og surmjølk. Søtmjølka er all mjølk som ikkje er syrna, medan surmjølka er surna med mjølkebakterier. Dei vanlege variantane av søtmjølk er helmjølk (H-melk), lettmjølk og skumma mjølk. Sistnemnde får ein ved å skumma av fløyta, som er den feitaste delen av mjølka. Vanlege variantar av surmjølk er kulturmjølk, kefir og yoghurt.

Foredling av mjølka gjerast i dag normalt på eit meieri, medan det tidlegare var vanleg å foredle mjølka på garden eller setra.

Kjelder

  • Melk i Store norske leksikon